HTML-filter og skjema

I HTML-dokument kan du bruka alle hendingar knytt til kontrollelement og skjema. Det er i per dag mange hendingar (for eksempel fokushendingar) som ikkje er endra. Dei kan framleis importerast og eksporterast til JavaScript som ONFOCUS, ONBLUR, og så vidare, og som SDONFOCUS, SDONBLUR, og så videre i LibreOffice Basic.

Alle andre hendingar får generelle namn bygde opp av lyttegrensesnittet og metodenamnet til hendinga: Ei hending som er registrert som XListener::metode vert eksportert som

SDEvent-XListener-method = "/* hendingskode */"

Legg merkje til at XListener- og metodekomponentane skil mellom store og små bokstavar.

Hendingar med kontrollelement vert handterte av LibreOffice-API-et. Dersom du tilordnar ei hending til eit kontrollelement, vil eit objekt registrera seg internt som ein «lyttar» til den kontrollhendinga. For å gjera dette, må objektet bruka eit bestemt grensesnitt, for eksempel XFocusListener-grensesnittet, slik at det kan reagera på fokushendingar. Når hendinga skjer, byrjar kontrollelementet ein spesiell metode i lyttargrensesnittet når kontrollelementet får fokus. Det internt registrerte objektet startar så JavaScript- eller LibreOffice Basic-koden som er tilordna hendinga.

HTML-filteret brukar no nettopp desse lyttegrensesnitta og metodenamna slik at det kan importera og eksportera hendingar. Du kan registrera fokushendingar gjennom

<INPUT TYPE=text ONFOCUS="/* code */"

heller enn gjennom

<INPUT TYPE=text SDEvent-XFocusListener-focusGained="/* code */"

. Hendingar kan difor registrerast fritt, også dei som ikkje står i listene. Du kan velja skriptspråk til hendingane ved å skriva denne linja i dokumenthovudet:

<META HTTP-EQUIV="content-script-type" CONTENT="...">

Som CONTENT kan du for eksempel velja «text/x-StarBasic» for LibreOffice Basic eller «text/JavaScript» for JavaScript. Dersom du ikkje skriv inn noko, vert JavaScript vald.

Ved eksport vert standardskriptspråket vald ut frå den første modulen som finst i makrohandsaminga. Berre eitt språk kan brukast til hendingar i kvart dokument.

Støtt oss!