Skjemastruktur

Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.

Når du brukar fleire skjema, viser skjemastrukturen ei oversikt over alle skjemaa. Her finn du òg funksjonar for å redigera dei.

For å bruka denne funksjonen …

På fanen Skjemautforming, trykk

Ikon Skjemanavigering

Skjemastruktur


I vegvisaren for skjemastruktur finn du ei liste over alle dei (logiske) skjemaa med kontrollfelta som høyrer til. Eit skjema som inneheld kontrollfelt har eit plussteikn framføre oppføringa. Trykk på plussteiknet for å opna lista over skjemaelement.

Du kan endra rekkjefølgja for dei ulike kontrollelementa ved å dra og sleppe dei i Skjemastruktur. Vel eitt eller fleire kontrollelement og dra dei til eit anna skjema. Du kan også trykkja + X eller velja Klipp ut frå sprettoppmenyen for å flytta eit kontrollelement til utklippstavla og så lime det inn igjen ein annan stad med + V eller Lim inn.

For å redigera namnet i Skjemastrukturen, klikkar du på namnet og skriv inn eit nytt eller vel kommandoen frå sprettoppmenyen.

Dersom du vel eit kontrollelement i Skjemastrukturen, vert òg det tilsvarande elementet i dokumentet valt.

Dersom du opnar sprettoppmenyen til ei vald oppføring i Skjemastrukturen, finn du desse funksjonane:

Ny

Legg til nye element i skjemaet. Legg til-funksjonen kan berre brukast dersom du har valt eit skjema i Skjemastruktur.

Skjema

Lagar eit nytt skjema i dokumentet. Du lagar eit underskjema ved å leggja til eit nytt skjema under det overordna skjemaet.

Gøymd kontroll

Lagar eit gøymd kontrollelement, dvs. som ikkje vert vist på skjermen, i det valde skjemaet. Eit gøymd kontrollelement vert brukt for å ta med data som vert overførte saman med skjemaet. Dette kan vera tilleggsinformasjon eller forklarande tekst som du kan skrive inn under spesielle eigenskapar for kontrollelementet når du lagar skjemaet. Vel oppføringa til det gøymde kontrollelementet i Skjemastruktur og vel Eigenskapar.

Du kan bruka utklippstavla til å kopiera kontrollelement i dokumentet. (Trykk + C for å kopiera og + V for å lima inn.) Du kan kopiera gøymde kontrollelement i skjemastrukturen ved å dra og sleppa medan du held nede -tasten.

Dra og slepp for å kopiera kontrollelement i det same dokumentet eller mellom dokument. Opna eit anna skjemadokument og dra det gøymde kontrollelementet frå Skjemastruktur til Skjemastruktur i måldokumentet. Klikk direkte på eit synleg kontrollelement i dokumentet og hald musepeikaren ei kort stund over elementet slik at ein kopi av kontrollelementet vert lagt inn i dra-og-slepp-utklippstavla. Dra deretter kontrollelementet inn i det andre dokumentet. Viss du vil kopiera inn i det same dokumentet, hald nede medan du dreg.

Slett

Slett den valde oppføringa. Dette let deg sletta både enkeltdelar i skjemaet og heile skjema med eit museklikk.

Tabulatorrekkjefølgje

Når eit skjema er valt, vert dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje opna. Der kan du velja kva rekkjefølgje kontrollelementa skal veljast i med tabulatortasten.

Endra namn

Endra namn på objektet.

Eigenskapar

Opnar Eigenskapane til den valde oppføringa. Dersom eit skjema er valt, vert Skjemaeigenskapane opna. Dersom eit kontrollelement er valt, vert dialogvindauget Eigenskapar for kontrollelement opna.

Opna i utformingsmodus

Opnar skjema i utformingsmodus slik at dei kan redigerast.

Støtt oss!