Utformingsmodus

Slår utformingsmodus av og på. Denne funskajonen vert brukt for raskt å kunna velja mellom Utforming- og brukarmodus. Slå på for å redigera kontrollelementa i skjemaet, slå av for å bruka kontrollelementa.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Skjema → Utformingsmodus.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Skjema → Slå av/på utformingsmodus.

Vel Verktøy → Slå av/på utformingsmodus.

Frå verktøylinjer:

Ikon Utformingsmodus

Utformingsmodus på/av


note

Legg merkje til funksjonen Opna i utformingsmodus. Dersom Opna i utformingsmodus er på, vert dokumentet alltid opna i utformingsmodus, same kva tilstand det er i når det vert lagra.


Dersom skjemaet er knytt til ein database og du slår av utformingsmodus, vert Skjemalinja vist nedst i dokumentvindauget. Du kan redigera lenkja til databasen i Skjemaeigenskapane.

Støtt oss!