Aktiveringsrekkjefølgje

Opnar dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje slik at du kan endra kva rekkjefølgje kontrollfelta får fokus i når brukaren trykkjer på tabulatortasten.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Skjema → Rekkjefølgje.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Skjema → Rekkjefølgje.

Vel Verktøy → Rekkjefølgje.

Frå verktøylinjer:

Ikon Rekkjefølgje for aktivering

Tabulatorrekkjefølgje


Dersom skjemaelement er sette inn i eit dokument, avgjer LibreOffice automatisk i kva rekkjefølgje tabulatortasten flyttar fokus mellom kontrollelementa. Kvart nye kontrollelement du legg til vert lagd inn til slutt i denne rekkjefølgja. I dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje kan du tilpassa denne rekkjefølgja.

Du kan òg velja tabulatorposisjonen til eit kontrollelement gjennom eigenskapane ved å skriva inn ein verdi under Rekkjefølgje i Eigenskapane til kontrollelementet.

Radioknappane inne i ei gruppe kan berre nåast med tabulatortasten når ein av knappane er sett til «vald». Dersom du har laga ei gruppe med radioknappar der ingen er valde, vil ikkje brukaren kunna gå til denne gruppa eller nokre av radioknappane med tastaturet.

Kontrollelement

Listar opp alle kontrollelementa i skjemaet. Kontrollelementa kan veljast med tabulatortasten i ei gjeven rekkjefølgje frå øvst til nedst. Vel eit element frå lista Kontrollelement forå tildela det ein plass i tabulatorrekkjefølgja.

Flytt opp

Trykk Flytt opp for å flytta det valde kontrollelementet ein posisjon lenger opp i tabulator-rekkjefølgja.

Flytt ned

Trykk Flytt ned for å flytta det valde kontrollelementet ein posisjon lenger ned i tabulator-rekkjefølgja.

Sorter automatisk

Trykk på knappen Automatisk sortering for å sortera kontrollelementa i høve til posisjonen dei har i dokumentet.

Støtt oss!