Data

Fana Data styrer skjemaeigenskapane som refererer til den databasen som er knytt til skjemaet.

Vel kva datakjelde skjemaet er basert pĂ„, eller vel om dataa kan redigerast av brukaren. Bortsett frĂ„ funksjonar for sortering og filtrering, finn du ĂČg alle dei eigenskapane som trengst for Ă„ laga underskjema.

For Ă„ bruka denne funksjonen 


Opna sprettoppmenyen for eit vald skjemaelement – vel fana Skjemaeigenskapar → Data.

Opna verktþylinja Skjemautforming og trykk ikonet Skjemaeigenskapar → fana Data.


Analyser SQL-kommando

Bestemmer om SQL-uttrykket skal analyserast av LibreOffice. Viss du vel «Ja», kan du trykkja pĂ„ knappen 
 ved sida av listeboksen Innhald. DĂ„ kjem det opp eit vindauge der du grafisk kan laga ei databasespĂžrjing. NĂ„r du lukker dette vindauget, vert SQL-uttrykket for spĂžrjinga du har laga, sett inn i listeboksen Innhald.

Datakjelde

Definerer datakjelda som skjemaet skal referera til. Trykkjer du pÄ knappen 
 vert dialogvindauget Opna opna slik at du kan velja datakjelde.

Filter

Skriv inn vilkÄra for filtrering av dataa i skjemaet. Filterspesifikasjonen fÞlgjer SQL-reglar utan bruk av WHERE-uttrykket. Viss du for eksempel vil visa alle postane med fornamnet «Ivar», skriv du «Fornamn = 'Ivar'» i datafeltet. Du kan ogsÄ setja saman fleire vilkÄr: «Fornamn = 'Ivar' OR Fornamn = 'Mikkel'». DÄ vert alle postane som passar til eitt av desse vilkÄra viste.

Filterfunksjonen er tilgjengeleg i brukarmodus via knappane Autofilter og Standardfilter pÄ verktÞylinja Skjemanavigasjon.

Innhald

Avgjer kva innhald som skal brukast i skjemaet. Innhaldet kan vera ein eksisterande tabell eller ei spÞrjing (som er laga i databasen tidlegare), eller noko som er oppgjeve med ei SQL-setning. FÞr du set inn eit innhald mÄ du oppgje nÞyaktig type i Innhaldstype.

Viss du har vald anten «Tabell» eller «SpÞrjing» som Innhaldstype,vil denne lista visa alle tabellane og spÞrjingane som er sette opp i den valde databasen.

Innhaldstype

Avgjer om datakjelda skal vera ein eksisterande databasetabell eller ei spÞrjing, eller om skjemaet skal lagast ut frÄ ei SQL-setning.

Viss du vel «Tabell» eller «SpÞrjing», vil skjemaet visa til tabellen eller spÞrjinga du har vald under Innhald. Viss du vil laga ei ny spÞrjing eller eit underskjema, mÄ du velja «SQL-kommando». Du kan dÄ skriva inn uttrykket for SQL-spÞrjinga eller underskjemaet direkte i Listeinnhald pÄ fana «Data» i eigenskapane til kontrollelementet.

Legg berre til data

Avgjer om skjemaet berre skal tillata at nye data vert lagt til (Ja) eller om det Ăłg skal tillata andre eigenskapar (Nei).

note

Viss Legg berre til data er sett til «Ja», er det ikkje mogleg Ä endra eller sletta data.


Lenk saman hovudfelta

Viss du lagar eit underskjema, skriv du inn datafeltet i det overordna skjemaet som er ansvarleg for synkroniseringa mellom overordna og underordna skjema. Du kan setja inn fleire verdiar ved Ä trykkja pÄ Shift + Enter etter kvar innskrivingslinje.

Underskjemaet er basert pĂ„ ei SQL-spĂžrjing av typen parameterspĂžrjing. Dersom eit feltnamn er skrive i Lenk saman hovudfelta, vert dataa frĂ„ feltet lagde inn i ein variabel som du mĂ„ skriva inn i Lenk saman slavefelta. I eit tilsvarande SQL-uttrykk, vert denne variabelen samanlikna med tabelldataa som underskjemaet viser til. Du kan ĂČg skriva inn kolonnenamnet i Lenk saman hovudfelta.

Studer dette eksempelet:

Databasetabellen som skjemaet er basert pÄ er ein kundedatabase («Kunde») der kvar kunde har eit unikt nummer i datafeltet «KundeID». Ordrane til kundane ligg i ein annan tabell. Du vil nÄ sjÄ ordrane til kvar kunde etter Ä ha skrive dei inn i skjemaet. Til dette kan du bruka eit underskjema. Under Lenk saman hovudfelta skriv du inn det datafeltet frÄ kundedatabasen som identifiserer kunden, altsÄ «KundeID». Under Lenk saman slavefelta skriv du inn namnet pÄ ein variabel som skal motta data frÄ «KundeID», for eksempel «x».

Underskjemaet bĂžr visa data frĂ„ ordretabellen («Ordre») for kvar kunde-ID (KundeID → x). Dette er berre mogleg dersom kvar ordre er unikt tilordna Ă©in kunde i ordretabellen. Du kan ogsĂ„ bruka eit anna felt kalla «KundeID», men for Ă„ hindra at det vert forveksla med det same feltet frĂ„ hovudskjemaet, kallar vi det «Kundenummer».

NÄ samanliknar du «Kundenummer» i «Ordre»-tabellen med «KundeID» frÄ «Kundar»-tabellen. Det kan du for eksempel gjera ved hjelp av variabelen x og dette SQL-uttrykket:

SELECT * FROM Ordrar WHERE Kundenummer =: x (Dersom du vil at underskjemaet skal visa alle dataa frÄ ordretabellen.)

eller:

SELECT Element FROM Ordre WHERE Kundenummer =: x (Dersom du vil at underskjemaet frÄ ordretabellen berre skal visa dataa som ligg i feltet «Element».)

SQL-uttrykket kan anten skrivast i feltet Datakjelde eller lagast som ei parameterspĂžrjing som du kan bruka til Ă„ laga underskjemaet.

Lenk saman slavefelta

Viss du lagar eit underskjema, skriv inn variabelen som moglege verdiar frÄ hovudskjemaet skal lagrast i. Dersom eit underskjema er basert pÄ ei spÞrjing, skriv du inn variabelen du oppgav i spÞrjinga. Om du vil oppretta eit skjema ved hjelp av ei SQL-setning skrive inn i feltet Datakjelde, skriv du inn variabelen du brukte i setninga. Du kan velja variabelnamn fritt. Trykk «Shift + Enter» om du vil skriva inn fleire verdiar.

Dersom du for eksempel har vald databasefeltet «KundeID» som foreldrefelt under Lenk saman hovudfelta, kan du velja namnet pÄ variabelen der verdiane frÄ «KundeID» skal lagrast under Lenk saman slavefelta. Dersom du no brukar denne variabelen i eit SQL-uttrykk i feltet Datakjelde, vert dei relevante verdiane viste i underskjemaet.

Navigasjonslinje

Bestemmer om navigasjonsfunksjonane pÄ den nedste skjemalinja kan brukast eller ei.

Alternativet «Overordna skjema» vert brukt til delskjema. Viss du vel dette alternativet for eit delskjema, kan du bruka postane i hovudskjemaet til Ä navigera viss markÞren stÄr i delskjemaet. Eit delskjema er lenkja til det overordna skjemaet i eit 1:1-forhold, slik at navigeringa alltid skjer i det overordna skjemaet.

Skift

Bestemmer korleis tabulatortasten skal kunna brukast til navigasjon. Du kan flytta framover i skjemaet ved hjelp av tabulatortasten. Om du samtidig held nede «Shift», gÄr du bakover. Om du nÄr siste (eller fÞrste) felt og trykkjer tabulatortasten att, kan ulike ting skje. Du har desse alternativa nÄr det gjeld tastekontrollelementet:

Alternativ

Tyding

Standard

Denne innstillinga lagar automatisk ein syklus som fÞlgjer ei databaselenkje: Dersom skjemaet inneheld ei databaselenkje, vil tabulatortasten som standard skifta til neste eller fÞrre post nÄr du gÄr ut av det siste feltet (sjÄ «Alle postar»). Dersom skjemaet ikkje har noka databaselenkje, vert det neste eller fÞrre skjemaet vist (sjÄ «Denne sida»).

Alle postar

Denne innstillinga gjeld berre for databaseskjema og vert brukt til Ä navigera gjennom alle datapostane. Dersom du gÄr ut av det siste feltet med tabulatortasten, vert dataposten endra.

Denne dataposten

Denne innstillinga gjeld berre for databaseskjema og vert brukt til Ä navigera gjennom alle datapostane. Dersom du gÄr ut av det siste feltet med tabulatortasten, vert dataposten endra.

Denne sida

NÄr du gÄr ut av det siste feltet i eit skjema, gÄr skrivemerket til det fÞrste feltet i det neste feltet. Dette er vanleg for HTML-skjema.


Sorter

Spesifiserar vilkÄra for sortering av dataa i skjemaet. Sorteringa fÞlgjer SQL-reglar, utan Ä bruka «ORDER BY»-vilkÄret. Om du for eksempel vil at alle postar i ein database skal sorterast i eit felt i stigande rekkjefÞlgje og i eit anna felt i fallande rekkjefÞlgje, skriv du inn «Fornamn ASC, Namn DESC» (dersom namna pÄ datafelta er «Namn» og «Fornamn»).

Nokre av knappane pÄ verktÞylinja Skjemanavigasjon kan brukast til sortering i brukarmodus: Sorter stigande, Sorter fallande, Sorter.

Tillat endringar

Bestemmer om dataa kan endrast.

Tillat sletting

Bestemmer om dataa kan slettast.

Tillat tillegg

Bestemmer om det kan leggjast til data.

Kva er eit underskjema?

Skjema vert laga ut frÄ databasetabellar eller databasespÞrjingar. Dei viser informasjonen pÄ ein oversiktleg mÄte, og du kan skriva inn eller endra data i skjemaet.

Dersom du treng eit skjema som bÄde kan visa til data i ein tabell eller ei spÞrjing og i tillegg visa data frÄ ein annan tabell, bÞr du laga eit underskjema. Dette underskjemaet kan for eksempel vera eit tekstfelt som viser data frÄ ein annan databasetabell.

Eit underskjema er ein tilleggskomponent i hovudskjemaet. Av og til vert hovudskjemaet kalla «overordna skjema» eller «foreldreskjema». Du fÄr bruk for underskjema sÄ snart du vil ha tilgang til meir enn éin tabell i eit skjema. Kvar ekstra tabell krev eit eige underskjema.

Etter at eit skjema er laga, kan det gjerast om til eit underskjema. For Ä gjera dette, gÄr du til utformingsmodus og opnar skjemastrukturen. Der dreg du eit skjema (som skal gjerast til underskjema) over til eit anna skjema (som vert til hovudskjemaet).

Brukaren av dokumentet vil ikkje kunna sjÄ at skjemaet har underskjema. Det einaste brukaren ser er eit dokument der data kan skrivast inn eller visast fram.

Vel hovudfeltet som skal lenkjast frÄ datafelta i hovudskjemaet. I underskjemaet kan du setja slavefeltet som eit felt som skal tilpassast innhaldet i hovudfeltet.

NÄr brukaren blar gjennom dataa, viser skjemaet alltid den gjeldande dataposten. Dersom skjemaet inneheld underskjema, vert innhaldet i dei vist etter ei kort forseinking pÄ om lag 200 ms. Denne forseinkinga gjer at du raskt kan bla gjennom datapostane i hovudskjemaet. SÄ lenge du blar vidare til den neste posten fÞr tidsgrensa, slepp systemet Ä henta og visa fram data frÄ underskjemaet.

StĂžtt oss!