Hendingar i databaseskjema

På fana Hendingar kan du tilordna makroar til visse hendingar som kan skje i eit databaseskjema.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen til eit valt skjemaelement og vel fana Skjemaeigenskapar → Hendingar

Opna verktøylinja Skjemautforming og trykk ikonet Skjemaeigenskapar → fana Hendingar.


For å knyta ei hending til ein makro, må du først skriva ein makro som inneheld alle dei kommandoane som skal utførast når hendinga skjer. Så tilordnar du denne makroen til hendinga ved å trykkja på ved sida av hendinga. Dialogvindauget Tilordna makro opnar seg og du kan velja makroen.

Desse handlingane kan setjast opp kvar for seg, slik at du kan knyta dine eigne dialogvindauge til handlingar:

  1. Visa ei feilmelding,

  2. Stadfesta ein sletteprosess (for datapostar),

  3. Spørjingsparametrar,

  4. Kontrollera inndata ved lagring av ein datapost.

Du kan eksempelvis be om ei stadfesting som viser spørsmålet «Vil du verkeleg sletta kunden xyz» når du ber om å sletta ein datapost.

note

Hendingane som vert viste i dialogvindauget «Hendingar» kan ikkje endrast direkte. Du kan sletta ei hending frå lista ved å trykkja på Delete-tasten.


Denne lista viser alle hendingane i eit skjema som kan knytast til makroar:

Det oppstod ein feil

Hendinga Feil oppstod vert aktivert om det oppstår ein feil ved tilgang til datakjelda. Dette gjeld skjema, listeboksar og kombinasjonsboksar.

Etter postendring

Hendinga Etter postendring vert utført direkte etter at den gjeldande posten er endra.

Etter posthandling

Hendinga Etter posthandling vert utført direkte etter at den gjeldande posten er endra.

Fyllparametrar

Hendinga Fyll parametrar dersom skjemaet som skal lastast inn har parametrar som må fyllast ut. For eksempel kan datakjelda i skjemaet innehalda denne SQL-kommandoen:

SELECT * FROM address WHERE name=:name

Her er :name ein parameter som må fyllast ut ved innlastinga. Parameteren vert fylt ut automatisk frå foreldre-skjemaet om det er mogleg. Er det ikkje mogleg, vert denne hendinga kalla opp og ein lenkja makro kan fylla ut parameteren. Returnerer Sann dersom utføringa av den parametrerte setninga skal halda fram, elles Usann.

Før lasting på nytt

Hendinga Før lasting på nytt vert utført før skjemaet vert lasta inn på nytt. Datainnhaldet er ennå ikkje oppfriska.

Før oppdatering

Hendinga Før oppdatering vert utført før innhaldet i kontrollelementet som er endra av brukaren vert skrive til datakjelda. Den lenkja makroen kan mellom anna hindra handlinga ved å returnera USANN.

Etter oppdatering

Hendinga Etter oppdatering vert utført etter at innhaldet i kontrollelementet som er endra av brukaren vart skrive til datakjelda.

Før nullstilling

Hendinga Før tilbakestillinga skjer før eit skjema vert tilbakestilt. Når tilbakestillinga er godkjent, vert det returnert Sann, returnering av usann annullerer operasjonen.

Eit skjema vert nullstilt dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:

  1. Brukaren trykkjer ein knapp (HTML) som er vald til å vera nullstillingsknapp.

  2. Ein ny og tom post vert oppretta i eit skjema som er knytt til ei datakjelde. Dette skjer for eksempel når Neste post vert trykt ved den siste posten.

Etter nullstilling

Hendinga Etter tilbakestilling vert utført når skjemaet er tilbakestilt.

Før postendring

Hendinga Før endring av post skjer før den gjeldande postpeikaren – SQL-markøren – vert endra. Returnerer Sann når flyttinga er lov, elles Usann.

Før posthandling

Handlinga Før posthandling vert slått på før den aktuelle posten eller settet av postar vert endra. Returnerer Sann når det er lov å endra, elles Usann. For eksempel kan den lenkja makroen krevja stadfesting i eit dialogvindauge.

Før sending

Hendinga Før innsending skjer før dataskjemaet vert send. Returnering av Sann godkjenner innsendinga, Usann stoppar ho.

Før utlasting

Hendinga Før utlasting vert utført før skjemaet vert lasta ut, altså at det ikkje er kopla til datakjelda.

Stadfest sletting

Hendinga Stadfest slettinga finn stad så snart dataa er sletta frå skjemaet.. Returnerer Sann når det er lov å sletta, elles Usann. For eksempel kan den lenkja makroen krevja stadfesting i eit dialogvindauge.

Ved lasting

Hendinga Ved lasting vert utført når skjemaet er lasta inn.

Ved lasting på nytt

Hendinga Ved lasting på nytt vert utført like etter at skjemaet er lasta inn på nytt. Datainnhaldet er alt oppfriska.

Ved utlasting

Hendinga Vedutlasting vert utført like etter at skjemaet er lasta ut, altså at det ikkje er kopla til datakjelda.

Hendingar som kan forbydast

tip

Makroar kan avbryta utføringa av hendingar når dei mottek ein logisk verdi: Sann gjer at utføringa kan halda fram, Usann stoppar utføringa.


Dei følgjande hendingane kan avbrytast ved å returnere Usann:

Støtt oss!