Generelt

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen for eit vald skjemaelement – vel fana Skjemaeigenskapar → Generelt.

Opna verktøylinja Skjemautforming og trykk ikonet Skjemaeigenskapar → fana Generelt.


Eit skjema er eit tekstdokument eller rekneark med ulike kontrollelement. Dersom du lagar eit skjema til ei nettside, vil brukaren kunna skriva inn data som skal sendast over Internett. Dataa frå kontrollelementa i skjemaet vert sende til ein tenar og handsama der.

Namn

Set namn på skjemaet. Dette namnet vert brukt til å identifisera skjemaet i Skjemastrukturen.

URL

Vel kva nettadresse dataa i det fullførte skjemaet skal sendast til.

Ramme

Vel kva målramme den innlasta nettadressa skal opnast i.

Dersom du klikkar i feltet, kan du velja kva ramme det neste dokumentet skal opnast i. Desse alternativa finst:

Alternativ

Tyding

_blank

Det neste dokumentet vert opna i ei ny, tom ramme.

_parent

Det neste dokumentet vert opna i ei foreldreramme. Dersom ingen foreldrerammer finst, vert dokumentet opna i den same ramma.

_self

Det neste dokumentet vert opna i den same ramma.

_top

Det neste dokumentet vert opna i eit vindauge på toppnivå, altså i den høgaste ramma i hierarkiet. Dersom ramma allereie er på toppnivå, vert dokumentet opna i den same ramma.


Sendemåte

Vel overføringsmetoden for den ferdige informasjonen i skjemaet.

Med «Get»-metoden vert dataa i kvart kontrollelement sende som miljøvariablar. Dei vert lagt til nettadressa slik:«?Kontroll1=Innhald1&Kontroll2=Innhald2&…». Denne teiknstrengen vert analysert av eit program på tenaren til mottakaren.

Med «Post»-metoden vert det oppretta eit dokument ut frå innhaldet i skjemaet som vert send til den valde nettadressa.

Sendingskoding

Vel kodingstypen for dataoverføringa.

Dataoverføring av informasjon frå kontrollelement

Når eit skjema vert sendt, vert alle kontrollelementa som finst i LibreOffice undersøkte. Namnet på kontrollelementet og verdien, viss det har nokon verdi, vert overførte.

Dei ulike kontrollelementa sender ulike verdiar. Tekstfelt sender det alt det synlege innhaldet, medan listeboksar sender dei valde oppføringane. Avkryssingsboksar og alternativfelt sender dei referanseverdiane som høyrer til dersom felta er valde.

Måten informasjonen vert sendt på, er avhengig av kva sendemåte («Get» eller «Post») og koding («URL» eller «Fleirdelt») som er vald. Viss for eksempel «Get» og «URL» er vald, vert verdipar av typen «<Namn>=<Verdi>» sendt.

I tillegg til dei kontrollelementa som finst i HTML, har LibreOffice òg ein del andre kontrollelement. Legg merkje til at for felt med spesifikke talformat, vert ikkje dei synlege verdiane overførte, men heller faste standardformat. Tabellen viser korleis dataa i dei LibreOffice-spesifikke kontrollelementa vert overførte:

Kontrollelement

Verdipar

Talfelt, valutafelt

Eit desimalskilje vert alltid vist som punktum.

Datofelt

Datoformatet vert sendt i fast format (MM-DD-ÅÅÅÅ), uansett kva lokale innstillingar brukaren har valt.

Klokkeslettfelt

Tidsformatet vert sendt i eit fast format (TT:MM:SS), uansett kva lokale innstillingar brukaren har valt.

Mønsterfelt

Verdiane i mønsterfelt vert sende som tekstfelt, altså med den verdien som er synleg i skjemaet.

Tabellelement

Frå tabellkontrollen vert enkeltkolonnar alltid overførte. Namnet på kontrollelementet, namnet på kolonnen og verdien til kolonnen vert sendt. Når Get-metoden vert brukt med URL-koding, skjer sendinga på forma <Namn på tabellkontroll>. For eksempel <Namn på kolonne>=<Verdi> med ein verdi avhengig av kolonnen.


Støtt oss!