Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Skjema → Skjemaeigenskapar.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Skjemaeigenskapar.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Skjema → Skjemaeigenskapar.

Vel Verktøy → Skjemaeigenskapar.

Frå verktøylinjer:

Ikon Skjemaeigenskapar

Skjemaeigenskapar


Det går an å skriva inn fleire linjer tekst i nokre av kombinasjonsboksane i eigenskapane. Dette gjeld alle felt der SQL-uttrykk kan skrivast, i tillegg til tekstboksar og etikettar. Du kan opna desse felta og skriva inn tekst i lista. Desse snartastane kan brukast:

Tastar

Effekt

+ Pil ned:

Opnar kombinasjonsboksen.

+ Pil opp:

Lukkar kombinasjonsboksen.

Shift + Enter

Set inn ei ny linje.

Pil opp

Set skrivemerket på linja ovanfor.

Pil ned

Set skrivemerket på linja nedanfor.

Enter

Gjer deg ferdig med å skriva i feltet og plasserer skrivemerket i neste felt.


Du kan opna og lukka lista ved å klikka med musa på pila til høgre for feltet, akkurat som for listeboksar og kombinasjonsboksar. Her er det slik at du berre kan skriva i den opne lista eller i tekstfeltet på toppen. Dei eigenskapane som forventar lister er eit unntak, for eksempel eigenskapen «Listeoppføringar» som kan setjast for kontrollfelta Listeboks og Kombinasjonsboks. I desse kan du berre redigera oppføringane når feltet er ope.

Generelt

Data

Fana Data styrer skjemaeigenskapane som refererer til den databasen som er knytt til skjemaet.

Hendingar i databaseskjema

På fana Hendingar kan du tilordna makroar til visse hendingar som kan skje i eit databaseskjema.

Støtt oss!