LibreOffice 24.8 Hjelp
På fana Hendingar kan du knyta makroar til hendingar som skjer med kontrollelementa i eit skjema.
Når hendinga oppstår, vert den lenkja makroen kalla opp. Trykk knappen … for å kopla ein makro til ei hending. Dialogvindauget Bruk handling vert opna.
Dei ulike kontrollelementa har ulike hendingar. Det er berre dei hendingane som er tilgjengelege for det valde kontrollelementet og den samanhengen det står i som er viste på fana Hendingar.
Desse hendingane finst:
Denne hendinga skjer før ei handling vert utført ved å trykka på kontrollelementet. For eksempel vil ein knapp kalla «Send» utløysa ei sendehandling, men sjølve sendeprosessen byrjar først når hendinga Ved start skjer. Du kan bruka Godkjenn utføring til å avbryta prosessen. Viss den tilknytte metoden sender tilbake verdien USANN, vert ikkje Ved start utført.
Hendinga Utfør handling skjer når ei handling vert byrja på. Viss du for eksempel har ein «Send»-knapp i skjemaet, er sendeprosessen sjølve hendinga som vert starta.
Hendinga Endra finn stad når kontrollen mistar fokuset og innhaldet i kontrollen er endra sidan han mista fokus.
Hendinga Tekst endra vert sett i gang viss du skriv inn eller endrar ein tekst i innskrivingsfeltet.
Hendinga Elementstatus endra finn stad viss statusen til kontrollfeltet er endra, for eksempel frå avkryssa til umerkt.
Hendinga Når han får fokus finn stad viss eit kontrollfelt tek i mot fokus.
Hendinga Når han mistar fokus finn stad viss eit kontrollfelt mistar fokus.
Hendinga Ved tastetrykk vert sett i gang når brukaren trykkjer ein tast medan kontrollelementet har fokus. Denne hendinga kan verta lenkja til ein makro for å kontrollera innskrivingane.
Hendinga Etter tastetrykk vert sett i gang når brukaren slepp opp ein tast medan kontrollelementet har fokus.
Hendinga Mus innanfor vert sett i gang dersom musa er inne i kontrollfeltet.
Hendinga Muserørsle med tast trykt skjer når musa vert flytt samtidig med at ein tast er trykt ned. Dette kan for eksempel vera at ved dra og slepp vert modus bestemt av om ein tast er trykt ned eller ikkje (flytt eller kopier).
Hendinga Muserørsle vert sett i gang når musa vert flytt over eit kontrollelement.
Hendinga Museknapp trykt inn vert sett i gang viss museknappen vert trykt inn medan musepeikaren er på eit kontrollelement.
Merk at denne hendinga også vert brukt for å varsla om ein sprettoppmeny på kontrollen.
Hendinga Museknapp sloppe vert sett i gang viss museknappen vert sloppe medan musepeikaren er på eit kontrollelement.
Hendinga Mus utanfor vert sett i gang dersom musa er utføre i kontrollfeltet.