Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Skjema → Eigenskapar for kontrollelementa.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Eigenskapar for kontrollelement.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Skjema → Eigenskapar for kontrollelement.

Vel Verktøy → Eigenskapar for kontrollelement.

Frå verktøylinjer:

Ikon Kontrollelement

Eigenskapar for kontrollelement


note

Du kan berre opna eigenskapane når du er i utformingsmodus og har vald eit kontrollelement.


Det går an å skriva inn fleire linjer tekst i nokre av kombinasjonsboksane i eigenskapane. Dette gjeld alle felt der SQL-uttrykk kan skrivast, i tillegg til tekstboksar og etikettar. Du kan opna desse felta og skriva inn tekst i lista. Desse snartastane kan brukast:

Tastar

Effekt

+ Pil ned:

Opnar kombinasjonsboksen.

+ Pil opp:

Lukkar kombinasjonsboksen.

Shift + Enter

Set inn ei ny linje.

Pil opp

Set skrivemerket på linja ovanfor.

Pil ned

Set skrivemerket på linja nedanfor.

Enter

Gjer deg ferdig med å skriva i feltet og plasserer skrivemerket i neste felt.


Du kan opna og lukka lista ved å klikka med musa på pila til høgre for feltet, akkurat som for listeboksar og kombinasjonsboksar. Her er det slik at du berre kan skriva i den opne lista eller i tekstfeltet på toppen. Dei eigenskapane som forventar lister er eit unntak, for eksempel eigenskapen «Listeoppføringar» som kan setjast for kontrollfelta Listeboks og Kombinasjonsboks. I desse kan du berre redigera oppføringane når feltet er ope.

Generelt

På fana Generelt finn du generelle eigenskapar for eit kontrollelement i skjemaet. Kvar type kontrollelement har sine eigenskapar. Ikkje alle eigenskapane i lista nedanfor er tilgjengelege for alle kontrollelementa.

Data

På fana Data kan du tilordna ei datakjelde til det valde kontrollelementet.

Hendingar

På fana Hendingar kan du knyta makroar til hendingar som skjer med kontrollelementa i eit skjema.

Data (for XML-skjemadokument)

Fana Data i dialogvindauget Eigenskapar for eit XML-skjemadokument inneheld ein del innstillingar for XML-skjemadokument.

Støtt oss!