Tips om tabellelement

Du kan velja kva for postar som skal visast i eit tabellelement. Det vil seia at du kan velja kva datafelt som skal visast eller redigerast, akkurat som i eit databaseskjema.

Desse felta kan brukast i tabellelement: Tekst, dato, klokkeslett, valuta, tal, mønster, avkryssingsboks og kombinasjonsboks. Ved kombinerte dato- og klokkeslettfelt vert det automatisk oppretta to kolonnar.

Dersom nokon linjer er valde, vert talet på valde linjer vist i parentesar etter talet på postar i alt.

Du kan setja inn kolonnar i tabellelementet ved å opna sprettoppmenyen til kolonneoverskriftene. Dei følgjande kommandoane finst:

Set inn kolonne

Viser ein undermeny der du kan velja eit datafelt som skal tilpassast i tabellkontrollfelta.

Set opp tabellelementet med dra og slepp: Opna datakjeldelesaren og dra dei felta du vil ha med over i kolonneoverskriftene til tabellelementet. Då vert ferdig oppsette kolonnar oppretta.

Byt ut med

Opnar ein undermeny. Der kan du velja eit datafelt som skal koma i staden for datafeltet som er vald i tabellinnstillingane.

Slett kolonne

Slettar den valde kolonnen.

Kolonne

Opnar eigenskapane til den valde kolonnen.

Gøym kolonnar

Gøymer den valde kolonnen. Eigenskapane vert ikkje endra.

Vis kolonnar

Vis ein undermeny der du kan velja kolonnane som skal visast igjen. Du kan velja å visa berre ein kolonne ved å trykkja på kolonnenamnet. Du ser berre dei 16 første av dei gøymde kolonnane. Dersom det er fleire gøymde kolonnar, kan du velja Meir-kommandoen for å opna dialogvindauget Vis kolonnar.

Meir

Vis dialogvindauget Vis kolonnar.

I dialogvindauget Vis kolonnar kan du velja kva kolonnar som skal visast. Hald nede Shift eller for å velja fleire element.

Alle

Trykk på Alle viss du vil visa alle kolonnane.

Berre tastaturstyring av tabellelement

Dersom du brukar tastaturet for å navigere mellom kontrollelementa i dokumentet, vil du finna éin skilnad i høve til andre kontrollstyringstypar; Tabulator-tasten flytter ikkje markøren til neste kontrollelement men til neste kolonne i tabellen. Trykk på + Tabulator for å flytte til neste kontrollelement, eller trykk på Skift + + Tabulator for å flytte til førre kontrollelement.

For å gå inn i den spesielle redigeringsmodusen berre-tastatur for tabellelement:

Skjemadokumentet må vera i utformingsmodus.

  1. Trykk + F6.

  2. Vel det første kontrollelementet med Shift + F4. Dersom tabellelementet ikkje er det første elementet, trykk Tabulator til tabellen er vald.

  3. Trykk Enter for å gå til redigeringsmodus. Handtaket vert vist lenger ut frå feltramma.

  4. I redigeringsmodus kan du opna sprettoppmenyen for redigering med Shift + F10.

  5. Dersom du vil redigera kolonnar, trykkjer du på Skift+Mellomrom for å koma i kolonneredigeringsmodus. No kan du endra rekkjefølgja til kolonnar med + Pil-tastane. Delete-tasten sletter den aktive kolonnen.

  6. Trykk på Esc-tasten for å gå ut av redigeringsmodusen.

Støtt oss!