Spesielle eigenskapar for formaterte felt

Formatering: Du kan tilpassa eigenskapen Formatering ved å trykkja på Formateringslinja i dialogvindauget Eigenskapar: Formatert felt. Dialogvindauget Talformat vert då vist.

Dersom det formaterte feltet er knytt til eit tekstfelt i ein database, vert innhaldet i dette feltet handtert som tekst. Dersom feltet er knytt til eit databasefelt som kan visast som tal, vert innhaldet handtert som tal. Internt vert òg dato og klokkeslett handtert som tal.

Minsteverdi og høgsteverdi: Du kan velja minste og høgste verdi på tal i eit formatert felt. Desse verdiane avgjer korleis data vert vist og kva for data som kan skrivast inn. (Eksempel: Minsteverdien er 5 og databasefeltet inneheld talverdien 3. Dette vert vist som 5, men verdien i databasen vert ikkje endra. Dersom høgsteverdien er 10 og du skriv inn 20, vert innhaldet endra til 10 både i skjemaet og i databasen.) Dersom minsteverdi og høgsteverdi ikkje er valde, er det ikkje grenser for kva du kan leggja inn. Desse to verdiane og standardverdien gjeld ikkje for formaterte felt som er knytte til tekstfelt i ein database.

Standardverdi: Denne verdien vert brukt på nye postar.

Støtt oss!