LibreOffice 24.8 Hjelp
Trykk for å opna eller lukka verktøylinja for teikning, der du finn former, linjer, tekst og snakkebobler du kan bruka i dokumentet.
Du kan visa og gøyma teiknelinja med ein knapp på standardverktøylinja i Writer og Calc.
Vis teiknefunksjonar
Du kan bestemma kva knappar som skal vera synlege på verktøylinjene ved å høgreklikka på ei verktøylinje og velja Synlege knappar.
Lèt deg velja objekt i dokumentet. Klikk på eit objekt med pila for å velja det. Dersom du vil velja fleire objekt, kan du dra ei ramme rundt objekta. Du kan òg leggja til fleire objekt i utvalet ved å halda nede Shift når du klikkar.
Du kan skriva tekst på ei linje ved å dobbeltklikka på henne og skriva eller lima inn tekst. Teksten vert skriven i den retninga du teikna linja. Sjølve linja kan gøymast med Usynleg i Linjestil-boksen på verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt.
Teiknar eit fylt rektangel der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil leggja eit hjørne og drag rektangelet så stort du vil ha det. Du kan halda nede Shift medan du dreg dersom du vil teikna eit kvadrat.
Teiknar ein oval ved å dra musepeikaren inne i dokumentet. Trykk der du vil teikna ovalen og dra han ut i den storleiken du vil ha han. For å teikna ein sirkel, hald nede Shift medan du dreg med musa.
Teikn ei linje som er sett saman av rette linjesegment. Klikk og dra for å teikne eitt segment, klikk igjen for å setja endepunktet til segmentet og dra eit nytt segment. Dobbeltklikk for å avslutta det siste segmentet. Dobbeltklikk på startpunktet for å teikna ein lukka figur.
Hald nede Shift medan du teiknar ein mangekant for å teikna nye punkt i 45-graders vinklar.
Med Rediger punkt kan du endra på enkeltpunkta i mangekanten.
Teiknar ei mjuk bezierkurve. Klikk der du vil byrja kurva og dra og slepp. Flytt peikaren til der kurva skal slutta og klikk. Flytt peikaren og klikk igjen for å laga eit rettlinja segment til kurva. Dobbeltklikk for å avslutta teikninga. Du kan laga ei lukka form ved å dobbeltklikka på startpunktet. Storleiken på sirkelbogen vert bestemt av kor langt du dreg.
Teiknar ein boge i dokumentet. For å teikna ein boge, dra ein oval til den storleiken du vil ha, trykk så for å setja startpunktet på bogen. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk der. Du treng ikkje trykkja på sjølve bogen. Hald inne Shift medan du dreg for å teikna ein boge som er basert på ein sirkel.
Teiknar ei fylt form styrt av bogen til ein oval og to radiuslinjer i dokumentet. Du teiknar ein ellipsesektor ved å dra ein oval til den storleiken du vil og så trykkja der første radius skal vera. Flytt musepeikaren til der du vil leggja den andre radiusen og trykk. Du treng ikkje trykkja på ovalen. Du teiknar ein sirkelsektor ved å halda nede Shift medan du dreg.
Teiknar ein fylt figur som er basert på bogen i ein sirkel og ei diameterlinje i det gjeldande dokumentet. For å teikna eit sirkelsegment, dra ut sirkelen til den storleiken du vil ha, trykk så der du vil ha startpunktet til diameterlinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk igjen. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede Shift medan du dreg for å teikna eit ellipsesegment.
Teiknar ei linje som endar i ei rektangulær snakkeboble med vassrett tekstretning. Klikk og dra ut linja i dokumentet. Dra i eit handtak på forklaringsruta for å endra storleiken på ho. Trykk på kanten av forklaringsruta for å skriva eller lima inn tekst. For å endra frå ei rektangulær rute til ei oval rute, kan du dra i dei største hjørne handtaka når musepeikaren vert til ei hand.
Teiknar ei linje som endar i ei rektangulær snakkeboble med vassrett tekstretning. Klikk og dra ut linja i dokumentet. Dra i eit handtak på snakkebobla for å endra storleiken på ho. Trykk på kanten av snakkebobla for å skriva eller lima inn tekst. For å endra frå ei rektangulær boble til ei oval boble, kan du dra i dei største hjørnehandtaka når musepeikaren vert til ei hand. Er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.
Teiknar ein tekstboks med loddrett tekstretning der du trykkjer og dreg i dokumentet. Trykk ein stad i dokumentet og skriv eller lim inn teksten. Du kan også flytta musepeikaren dit du vil leggja inn teksten, dra ein tekstboks, og så skriva eller lima inn teksten. Berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.