Legg til/rediger

Legg til eit nytt element eller rediger det valde elementet i datastrukturen til X-skjema. Element kan vera element, attributt, sendingar eller bindingar.

LibreOffice set inn nye element rett etter det merkte elementa i datastrukturen. Nye eigenskapar vert gjevne til det merkte elementet.

Namn

Skriv inn eit namn på elementet.

Merknadsikon

Attributtnamna må vera unike inne i den same gruppa.


Standardverdi

Skriv inn ein standardverdi for det valde elementet.

Innstillingar

Spesifiserer eigenskapane til det valde elementet.

Datatype

Vel datatype for det valde elementet.

Påkravd

Vel om elementet må vera med i X-skjemaet.

Knappen Vilkår opnar dialogvindauget for Legg til vilkår der du kan skriva inn brukte namneplassar og heile XPath-uttrykk.

Relevant

Angjev at elementet skal vera relevant.

Knappen Vilkår opnar dialogvindauget for Legg til vilkår der du kan skriva inn brukte namneplassar og heile XPath-uttrykk.

Skranke

Angjev at elementet skal vera ein skranke.

Knappen Vilkår opnar dialogvindauget Legg til vilkår der du kan setja inn eit avgrensande vilkår.

Skriveverna

Gjer at elementet vert skriveverna.

Knappen Vilkår opnar dialogvindauget for Legg til vilkår der du kan skriva inn brukte namneplassar og heile XPath-uttrykk.

Rekn ut

Angjev at elementet er utrekna.

Knappen Vilkår opnar dialogvindauget Legg til vilkår der du kanskriva inn utrekningane.

Støtt oss!