Tidsstempelutferdar

Tidsstempelutferdarar (TSA) sender ut digitalt signerte tidsstempel (RFC 3161) som kan brukast valfritt ved signering av PDF-eksport.

Legg du til eit klarert tidsstempel i ein elektronisk signatur, får du ei digital forsegling av dataintegritet og ein klarert dato og eit klarert klokkeslett for når transaksjonen vart utført. Mottakarar av dokument med eit klarert tidsstempel kan bekrefta når dokumentet vart digitalt eller elektronisk signert, i tillegg til å kontrollera at dokumentet ikkje vart endra etter datoen tidsstempelet gjeld for.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Tryggleik → TSA-ar.


Liste over utferdarar av tidstempel

Viser ei liste over dei TSA-ane som finst.

Legg til

Opnar dialogvindauget Namn der du kan skriva inn adressa for ein ny tidsstempelutferdar.

Slett

Slettar den merkte oppføringa frå lista. Slettinga skjer straks, utan stadfesting.

Støtt oss!