LibreOffice 26.2 Hjelp
Farge-, skrift- og formateringsinnstillingar kan samlast under konseptet Tema. Når du vel eit tema, arvar alle dokumentelementa med eit temaattributt automatisk desse innstillingane.
Temafargar er sett saman av eit sett med tolv basisfargar, kvart av dei med fem variasjonar utrekna internt. Desse fargane vert definerte berre ut frå RGB-verdiane og vert lagra i dokumentfila. Fargen til eit objekt kan tildelast ved å referere til ein farge frå Temafargar-settet, anten med nøkkelord eller indeks, avhengig av samanhengen. Basisfargenamnene er
Mørk 1, Lys 1, Mørk 2, Lys 2,
Aksent 1, Aksent 2, Aksent 3, Aksent 4, Aksent 5, Aksent 6,
Hyperlenkje, Følgd hyperlenkje
Du må lagra dokumentet med formatet ODF 1.3 utvida eller nyare for å bruka tema.
Den nye funksjonen er hovudsakleg implementert for å kunna brukast med MS Office.
Vis settet med tilgjengelege tema for dokumentet. For å bruka eit tema i dokumentet, dobbeltklikk på det valde temaet.
Temaet øvst til venstre i området «Tilgjengelege tema» er temaet som er i bruk.
Opnar dialogvindauget Temafarge for å setja namn på temaet og fargane brukte i det valde, nye temaet.