LibreOffice 25.2 Hjelp
Sidepanelet Eigenskapar gjev rask tilgang til innstillingar for formatering av utforminga og innhaldet av eit dokument.
For å bruka denne funksjonen …
OptionAlt + 1
Eigenskapar
Bruk Stilar for å bruka ofte brukte formateringsinnstillingar, for eksempel overskrifter, objektstilar eller sidestilar.
Vel ein formateringsstil som skal brukast på utvalet. Fleire stilalternativ er tilgjengelege i Stilar-panelet.
Tildeler ein stil til gjeldande avsnitt, merkte avsnitt eller eit merkt objekt.
Set avsnittsstil
Merk noko tekst eller eit objekt og trykk på denne knappen. Klikk på eller dra over ein annan tekst, eller klikk på eit objekt, for å bruka den same formateringa.
Formateringspenselen
Oppdater avsnittsstilen med direkte formatering brukt på det gjeldande avsnittet.
Oppdater den merkte stilen
Legg til ein avsnittsstil med dei same innstillingane som er brukte i den gjeldande markeringa. Du vert beden om å skriva inn eit stilnamn.
Ny stil frå utval
Teikn-panelet gjev tilgang til innstillingar som endrar formatet til enkeltteikn eller heile ord og setningar.
Bruk og administrer tabellstilar.
Velg en tabell for å aktivere panelet Tabellutforming.
Avsnitt-panelet gjev deg tilgang til innstillingar som endrar linjeavstand, innrykk og mellomrom mellom avsnitt i den valde teksten.
Bruk panelet Talformat for å setja talformatet for ei celle eller eit område.
Bruk panelet Justering i sidefeltet Eigenskapar for å setja justeringsinnstillingar for innhaldet i den gjeldande cella eller i dei merkte cellene.
Støtt oss!