LibreOffice 24.8 Hjelp
Gjer det mogleg å søkja og køyra alle kommandoar som er tilgjengelege i program-menyane etter namn.
Denne funksjonen er tilgjengeleg i Writer, Calc, Impress og Draw.
Når du har trykt på funksjonen Søkjekommandoar, vert det vist eit dialogvindauge (ein «head-up display» (HUD)) som kan brukast for rask søking etter kommandoar etter namn. Etter kvart som du skriv inn søkjeordet, vert alle samsvarande kommandoar viste i ei liste under søkjefeltet.
Slik køyrer du ein kommando:
Bruk musa for å klikka på eit av elementa som vert viste i lista. Dette vil køyra den valde kommandoen med ein gong.
Bruk piltastane på tastaturet til å navigera gjennom elementa som vert viste i lista og trykk Enter for å køyra den valde kommandoen.