LibreOffice 24.8 Hjelp
Set tryggleiksinnstillingane for den eksporterte PDF-fila.
Avgrensingane for dokumenttilgjenge sett av passord vert berre observert av PDF-lesarar som er kompatible med versjon 1.5 av formatet. I eldre PDF-lesarar kan difor avgrensingane ikkje ha nokon effekt.
Trykk for å opna ein dialogvindauge der du kan skriva inn passorda.
Du kan setja eit passord som må brukast for å visa PDF-dokumentet. Du kan også skriva inn eit valfritt passord som tillet den som ser dokumentet å redigera og/eller skriva ut dokumentet.
Det er ikkje lov å skriva ut dokumentet.
Dokumentet kan skrivast ut berre i låg oppløysing (150 dpi). Ikkje alle PDF-lesarane har denne innstillinga.
Dokumentet kan skrivast ut med høg oppløysing.
Det er ikkje høve til å endra innhaldet.
Det er berre lov å setja inn, slette og rotere sider.
Berre utfylling av skjemafelt er tillate.
Det er berre lov å setja inn merknadar og å fylla ut skjemafelt.
Alle endringar er tillatne med unnatak av å ta ut sider.
Merk for å gjere det mogleg å kopiera dokumentet til utklippstavla.
Merk for å gjera teksten tilgjengeleg for teksttilgangsverktøya.