LibreOffice 7.3 Hjelp
Bestemmer korleis bokmerke og lenkjer skal eksporterast i dokumentet.
Bokmerka (referansemåla) i PDF-filer kan setjast til rektangulære område. I tillegg kan bokmerke til namngjevne objekt definerast med namn. Aktiver denne avkryssingsboksen for å eksportera namna til objekt i dokumentet som gyldige mål for bokmerke. Dette gjer det mogleg å referera til desse objekta frå andre dokument.
Merk av i denne avkryssingsboksen for å gjera om adresser som refererer til andre ODF-filer, til PDF-filer med det same namnet. I referanseadressene vert filtypane .odt, .odp, .ods, .odg og .odm endra til filtypen .pdf.
Merk dette avkryssingsfeltet for å eksportera adresser til andre dokument som relative adresser i høve til filsystemet. Sjå «relative hyperlenkjer» i Hjelp.
Vel korleis lenkjer i PDF-fila til andre filer skal handsamast.
Lenkjer til andre dokument i PDF-dokumentet vert handsama i høve til innstillingane i operativsystemet.
Lenkjer på tvers av dokument vert opna med PDF-lesaren som viser dokumentet. PDF-lesaren må kunna handsama filtypen som er brukt i lenkja.
Lenkjer på tvers av dokument vert opna med nettlesaren. Nettlesaren må kunna handsama filtypen som er brukt i lenkja.