LibreOffice 25.2 Hjelp
Denne fana inneheld vala som er aktuelle for å eksportera til ei digital signert PDF-fil.
Digitale signaturar vert brukte for å forvissa seg om at PDF-fila verkeleg er laga av den opphavlege forfattaren, altså deg, og at dokumentet ikkje er endra etter at det vart signert.
Den eksporterte PDF-fila brukar nøklane og X.509-sertifikata som er lagra tidlegare i det standard lagringsmediet du har vald, harddisk eller smartkort.
Du kan velja lagringsplass frå LibreOffice → Innstillingar Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Tryggleik → Sertifikatstiar.
Skal du bruka smartkort, må dette vera sett opp for å brukast av nøkkellageret. Dette vert til vanleg gjort når du installerte smartkortprogrammet.
Let deg velja eit X.509-sertifikat som skal brukast til å signera denne PDF-eksporten.
Opnar dialogvindauget for Vel sertifikat.
Alle sertifikata funne i det valde nøkkellageret vert viste. Viss lageret er verna med passord, vert du beden om å skriva det inn. Det same skjer om du brukar eit smartkort verna med PIN-kode.
Vel sertifikatet som skal brukast for digital signering av det eksporterte PDF-dokumentet ved å trykkja på den aktuelle linja og deretter trykkja OK.
Dei andre felta på fana Digital signatur vert tilgjengelege når du har vald sertifikat.
Skriv inn passordet som er brukt for å verna den private nøkkelen tilordna det valde sertifikatet. Som oftast er dette det same som passordet for nøkkellagringa.
Viss passordet for nøkkellagringa er skrive inn i dialogvindauget Vel sertifikat tidlegare, kan nøkkellagringa alt vera opplåst slik at du ikkje treng å bruke passordet. For å vera på den sikre sida, bør du skriva det inn likevel.
Når du brukar eit smartkort, skriv du inn PIN-koden her. Nokre smartkortprogram vil be deg om å skriva inn PIN-koden igjen før signeringa. Dette er tungvint, men det er slik smartkort fungerer.
Desse tre felta kan brukast for å setja inn tilleggsinformasjon om den digitale signaturen som skal brukast på PDF-fila (kvar, av kven og kvifor han vart laga). Opplysningane vert bygd inn i dei aktuelle PDF-felta og vert synlege for alle som ser på PDF-fila. Eitt, to eller alle felta kan stå tomme.
Gjennom signeringsprosessen vert TSA-en brukt for å laga eit digitalt signert tidsstempel som vert bygd inn i signaturen. Dette (RFC 3161) tidsstempelet gjer at alle som ser dokumentet kan kontrollera når det vart signert.
Dersom det ikkje er vald ei TSA-adresse (som er standardinnstillinga), vert signaturen ikkje tidsstempla men brukar det gjeldande tidspunktet sett i datamaskinen.