Eksporter som EPUB

Eksporter den gjeldande fila til EPUB.

EPUB er standard for elektroniske bokfiler med filetternamnet .epub som kan lastast ned og lesast på utstyr som for eksempel smarttelefon, lesebrett, datamaskiner eller liknande.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Fil → Eksporter som → Eksporter som EPUB

Frå verktøylinjer:

 Ikon Eksporter som EPUB

Eksporter som EPUB


Dialogvindauget for EPUB

Generelt

Versjon

Bestemmer versjonen av EPUB-fila.

Delemetode:

Vel starttype for det neste EPUB-avsnittet.

Utformingsmetode

Bestemmer om det skal lagast ei flytande eller ei fast EPUB-utforming.

Sjølvvald omslagsbilete:

Skriv inn den fulle stien til fila med det sjølvvalde framsidebiletet. Viss oppføringa er tom, vil eksportprosessen velja framsida i mediemappa (sjå nedanfor) når namnet er eitt av desse: cover.gif, cover.jpg, cover.png eller cover.svg.

note

Det sjølvvalde framsidebiletet er innebygd i EPUB-fila.


Tilpassa mediebibliotek

Skriv inn mappa for den tilpassa EPUB-fila. Mediamappa kan innehalde eit framsidebilete som vist ovanfor, tilpassa metadata og biletlenkjer.

Som standard ser eksportprosessen etter tilpassa media og tilpassa mediedata i den gjeldande dokumentmappa i ei mappe med det same namnet som dokumentfila. Viss namnet på dokumentet for eksempel er , MinTekst.odt, er standard-mediemappa til framsida og metadata MinTekst i den gjeldande mappa.

For tilpassa metadata må du ha ei fil med det same namnet som det opphavlege filnamnet og med filetternamnet «.xmp». Dei innskrivne metadataa vil overskriva metadataa i det interne dokumentet. I eksempelet ovanfor må dei tilpassa metadataa finnast i mappa MinTekst som MinTekst.xmp.

Biletlenkjer betyr at dersom du lagar relative lenkjer på eit bilete eller ein tekst til eit bilete som er tilgjengeleg i mediebiblioteket, vert media tilgjengelege i EPUB-eksporten som sprettoppvindauge.

Metadata

Skriv inn dei tilpassa metadataa. Desse vil overskriva metadataa i dokumentet. Tekstfelta kan vera tomme.

Identifikator

Skriv inn ein unik identifikator for publikasjonen.

Tittel

Skriv inn tittelen på publikasjonen

Forfattar

Skriv inn forfattar av publikasjonen

Språk

Språk for publikasjonen (sjå RFC4646 og ISO 639 for moglege verdiar).

Dato

Doto for siste endring av publikasjonen. Verdien for denne eigenskapen må vera i XML-skjemaformatet CCYY-MM-DDThh:mm:ssZ. Normalt vert datoen og klokkeslettet eksportvindauget vart opna brukt.

Støtt oss!