QR og strekkode

Generer lineære kodar og matrisekodar for tekst eller URL-adresser.

QR- og strekkodegenereringsfunksjonen lèt deg koda kva tekststreng som helst eller URL som strekkode eller QR-kode og setja han inn som eit grafisk objekt i eit dokument for skanning.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Objekt → QR og strekkode.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel QR og strekkode i menyen Set inn i fana Set inn.


URL eller tekst

Teksten som koden skal lagast frå.

Feilretting

Feilrettingsverdien for QR-koden som skal opprettast. Feilrettinga av ein QR-kode er eit tiltak som hjelper ein QR-kode til å korrigera seg viss han er øydelagd.

Det er fire standard feilrettingsverdiar.

Marg

Breidda på margen rundt koden.

Eksempel

QR-koden nedanfor vart laga for teksten www.libreoffice.org:

Eksempel på QR-kode

Støtt oss!