Skrifter

Bygg inn dokumentskrifter i fila.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Fil → Eigenskapar → Skrift


Skriftinnebyggjing

Merk denne boksen for å byggja inn dokumentskrifter i dokumentfila slik at fila kan brukast på ulike datamaskiner. Dokument med innebygde skrifter vert større. Skrifttypane vert brukte i andre datamaskiner slik at dokumentet får same utsjånad som i maskinen dokumentet vart laga i.

Vurder å bruka innebygde skrifter når dokumentet inneheld sjeldne eller tilpassa skrifttypar som til vanleg ikkje er tilgjengelege til bruk på andre datamaskiner.

warning

Skriftlisensar kan avgrensa innebygging av skrifttypar i dokument. Skriftfiler innehelder flagg som indikerer om og korleis dei kan byggjast inn i ei dokumentfil. LibreOffice analyserer disse flagga og bestemmer om og korleis dei kan byggjast inn i ei dokumentfil, og når du opnar eit dokument som inneheld innebygde skrifttypar, vil det også sjå på desse flagga for å finna ut om og korleis eit dokument kan visast eller redigerast.


Støtt oss!