LibreOffice 25.2 Hjelp
Bruk eit hovudpassord for å verna tilgangen til eit lagra passord.
Du kan lagra nokre passord fram til økta vert avslutta, eller permanent i ei fil som er verna av eit hovudpassord.
Du kan skriva inn hovudpassordet for å få tilgang til in fil eller ei teneste som er verna av eit lagra passord. Du treng berre å skriva inn hovudpassordet éi gong i løpet av ei økt.
Du bør bruka passord som er vanskelege å finna av andre personar eller program. Eit passord bør følgja desse reglane:
Lengd på minst åtte bokstavar.
Inneheld ei blanding av store og små bokstavar, tal og spesialteikn.
Finst ikkje i ordbøker og oppslagsverk.
Har ingen relasjon til deg personleg. Altså ikkje bruk fødselsdato eller bilnummer.
Skriv inn eit hovudpassord for å hindra andre brukarar i å få tilgang til lagra passord.
Skriv inn hovudpassordet ein gong til.