LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan sjå etter oppdateringar manuelt eller automatisk.
Når programmet ser etter oppdateringar, vil det også sjå etter oppdateringar for alle installerte utvidingar.
Vel
for å søke manuelt.Du kan slå den automatiske kontrollen av og på i Nettoppdatering.
→ LibreOffice →Dersom ei oppdatering er tilgjengeleg, vert ikonet vist på menylinja. Trykk på ikonet for å få opp eit dialogvindauge med meir informasjon.
Du får opp dialogvindauget Sjå etter oppdateringar med informasjon om nettoppdatering av LibreOffice.
Aktivere eit Internettsamband for LibreOffice.
Dersom du treng ein mellomtenar (proxy), skriv du inn innstillingane for mellomtenaren i
→ Internett → Mellomtenar.Vel
for å sjå om ein nyare versjon av kontorpakka er tilgjengeleg.Dersom ein nyare versjon er tilgjengeleg og LibreOffice ikkje er sett opp til å lasta dei ned automatisk, kan du velja ei av desse handlingane:
Last ned den nye versjonen.
Installer dei nedlasta filene.
Avbryt dette søket etter oppdateringar inntil vidare.
Dersom LibreOffice er sett opp til å overføra filene automatisk, byrjar nedlastinga straks. Nedlastinga held fram sjølv om du minimerer dialogvindauget.
Dersom automatisk nedlasting er kopla i frå, må du lasta ned manuelt.
Dersom det ikkje vart funne oppdateringar, kan du lukka dialogvindauget.
Du treng administratorrettar for å oppdatere LibreOffice.