LibreOffice 25.2 Hjelp
Opnar dialogvindauget Vel det brukargrensesnittet du vil bruka for å velja ønskt grensesnitt slik at du kan velja utforminga av grensesnittet for LibreOffice.
Verktøybandet viser ein annan måte å organisera kontrollelement og ikon på enn ei samlinga av rette rader med ikon. Her har du innhaldsavhengige grupper med kommandoar og innhald for raskare bruk og ei betre brukaroppleving.
Elementet Brukargrensesnitt definerer kva element som skal vera synlege i brukargrensesnittet.
Klassisk modus med to synlege verktøylinjer – standard og formatering. Sidepanelet er falda saman og viser berre fanene. Dette valet er laga med tanke på dei brukarane som er vane med klassisk grensesnitt.
I denne modusen er linja delt inn i faner der kvar fane viser eit sett ikon gruppert etter samanhengen. Samanhengen kan også endrast avhengig av det objektet som er vald i dokumentet, for eksempel ein tabell eller eit bilete. Brukargrensesnittet med faner liknar mest på banda som vert brukte i Microsoft Office. Det organiserer funksjonar i faner og gjer hovudmenyen unødvendig.
Varianten med kompakte faneark er meint brukt av dei som er vane med Microsoft Office-grensesnittet. Varianten tek opp mindre plass på små skjermar.
Det kompakt grupperte grensesnittet gjev tilgang til funksjonar i grupper med dei mest brukte funksjonane i ikon og funksjonar som er mindre brukte i ei nedtrekksliste. Denne varianten favoriserer loddrett plass.
Det innhaldsavhengige enkeltgrensesnittet viser funksjonar på éi verktøylinje. Kva verktøy som vert vist, er avhengig av innhaldet.
Standard brukargrensesnitt, men med berre éi verktøylinje. Tenkt brukt på små skjermar. Sidepanelet er falda saman.
Standard brukargrensesnitt med utvida sidepanel. Vert tilrådd brukt av ekspertbrukarane som har bruk for raskt å endra mange ulike eigenskapar.
Når brukaren aktiverer andre verktøylinjer, vert dei lagra i brukarprofilen. Når du kjem tilbake frå verktøybandmodusen, vert verktøylinjene sett opp slik dei var sist gong dei var i bruk
Faneark- og gruppertlinje-modus er også tilgjengelege i kompakte variantar.
Storleiken på ikonet på notisblokklinja kan endrast i
.Noisblokklinja kan ikkje tilpassast av brukaren.
Den gjeldande versjonen (LibreOffice 25.2) av notisblokklinja er felles for Writer, Calc og Impress. Endringar i notisblokklinja i ein av desse vert også gjeldande i dei andre.