Navigator

Viser eller gøymer «Navigator»-vindauget. Bruk «Navigator» for å raskt hoppa mellom ulike delar av dokumentet, eller veksla mellom opne filer.

«Navigatoren» er eit vindauge som kan limast inn.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Vis → Dokumentstruktur.

Frå verktøylinjer:

Ikon Dokumentstruktur av/på

Vis/gøym dokumentstruktur

Frå tastaturet:

F5

+ 4 for å opna i sidepanelet.

Frå sidepanelet:

Ikon Navigator

Navigator


Dramodus

Vel alternativ for innsetjing av element ved å dra og sleppa frå dokumentstrukturen til eit dokument. Trykk på denne knappen og vel eit alternativ, for eksempel innsetjing som hyperlenkje.

Ikon Dramodus

Dra-modus

Set inn som hyperlenkje

Lagar ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit elementi nn i dette dokumentet. Trykk på hyperlenkja for å gå til elementet som hyperlenkja viser til.

Set inn som lenkje

Set inn element som ei lenkje der du slepp det i dokumentet. Tekst vert sett inn som skriveverna bolkar. Innhaldet til lenkja vert automatisk oppdatert når kjelda vert endra. Trykk Verktøy → Oppdater → Lenkjer for å oppdatera lenkjene i eit dokument manuelt. Det er ikkje mogleg å oppretta lenkjer til grafikk, OLE-objekt, referansar eller register.

Set inn som kopi

Set inn ein kopi av valde element der du slepp det i dokumentet. Det er ikkje mogleg å laga kopiar av grafikk, OLE-objekt, referansar eller register på denne måten.

Objekt

Objekttreet viser alle objekta i det gjeldande dokumentet etter kategori. Dobbeltklikk på eit objekt eller trykk Enter for å gå til objektet.

Klikk på ⯈-symbolet ved sida av ein kategori for å utvida han.

Klikk på ⯆-symbolet ved sida av ein kategori for å gøyma han.

Dokument

Viser namna på alle opne dokument. For å byta til eit anna ope dokument i dokumentstruktur, klikk på dokumentnamnet. Statusen (aktiv, inaktiv) til dokumentet vert vist i parentes etter namnet.

Støtt oss!