LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn ei video- eller lydfil i dokumentet.
Klikk der du vil setja inn fila.
Vel Set inn → Media → Lyd eller Video. For LibreOffice Impress, vel Set inn → Lyd eller Video.
Merk fila du vil setja inn i dialogvindauget Opna fil.
Filtypane som er lista i dette dialogvindauget vert ikkje støtta av alle operativsystema.
Klikk på feltet Lenkje viss du vil lenka til originalfila. Viss denne ikkje er merkt, vert mediefila lagt inn i fila (gjeld ikkje alle filformat).
Trykk på Opna.
Du kan også opna mediespelaren frå Verktøy → Mediespelar. Bruk mediespelaren for å førehandsvisa alle støtta mediefiler. Trykk på knappen Bruk i mediespelaren for å setja inn den gjeldande mediefila i dokumentet.
Klikk på objektsymbolet for film- eller lydfila i dokumentet.
Viss ikonet er plassert i bakgrunnen, held du nede
medan du klikkar.Verktøylinja for medieavspeling kjem fram.
Trykk på Spel på verktøylinja Medieavspeling.
Når du opnar ein Impress-presentasjon, vert den innebygde lyd- eller videofila spela av automatisk til ho når slutten eller du går ut av sida.
Du kan også bruka verktøylinja Medieavspeling for å pause, stoppe og gjenta filmen, og for å stilla inn lydstyrken eller slå lyden av under avspeling av fila. Den gjeldande avspelingsposisjonen i fila vert vist på venstre glidebrytaren. Bruk glidebrytaren til høgre for å stilla inn lydstyrken. For filmfiler innehelder verktøylinja også ein listeboks, der du kan velja forstørringsfaktoren for avspelinga.
LibreOffice brukar mediaformata som er støtta av datamaskinen.
For Microsoft Windows: LibreOffice kan opna alt der filtera DirectShow er installerte (liste over standardformat).
For GNU/Linux: LibreOffice brukar gstreamer, så alt som gstreamer kan spela av kan brukast med LibreOffice (liste over definerte typar).
For Apple macOS: LibreOffice brukar QuickTime-støtta mediaformat (liste over mediaformat).