LibreOffice 25.2 Hjelp
Juster kolonnebreidda for dei merkte cellene slik at det lengste avsnittet i kvar celle får plass på éi linje.
Juster kolonnebreidda for dei merkte kolonnane slik at det lengste avsnittet i kvar kolonne kan passa nøyaktig på éi linje, utan å auka tabellbreidda.
Vel Tabell → Storleik - Minste kolonnebreidd.
Vel Format → Tabell → Minste kolonnebreidd.
Vel Storleik → Minste kolonnebreidd.
Vel Tabell → Beste storleik → Minste kolonnebreidde.
Vel Minste kolonnebreidd i fana Tabell i menyen Tabell.
Minste kolonnebreidd
Vel Eigenskapar → Tabell → Minste kolonnebreidd.
Minste kolonnebreidde søkjer å finna ei kolonnebreidde som lar kvart avsnitt i dei merkte cellene passa nøyaktig som éi linje i cella. Dette betyr at kolonnebreiddene vert justerte i høve til lengda på det lengste avsnittet i kvar av dei merkte cellene. Det endelige resultatet er avhengig av kva celler som er merkte.
Kolonnebreidda tek også med plass til vassrett celleutfylling, avsnittsutfylling og avsnittsinnrykk.
Viss tabellbreidda er mindre enn breidda på sida, kan breidda på tabellen i nokre tilfelle aukast i eit forsøk på å tilpassa eit celleavsnitt på éi linje. Elles kan kommandoen vera nyttig for å redusera tabellbreidda.
Merk éi celle for å justera heile kolonnebreidda slik at ho passar til innhaldet i den cella.
Minste kolonnebreidde søkjer å finna ei kolonnebreidde som let kvart avsnitt i dei merkte cellene passa nøyaktig som éi linje i cella. Dette betyr at kolonnebreiddene vert justerte i høve til lengda på det lengste avsnittet i kvar av dei merkte cellene. Det endelige resultatet er avhengig av kva celler som er merkte.
For å minimera ein enkelt kolonne, er det nok å plassera markøren i ei celle i kolonnen som skal minimerast. For å minimera fleire kolonnar, er det nok å merkja éi celle frå kvar kolonne som skal minimerast.
Kommandoen kan vera nyttig for å gjera breidda på tabellar mindre.