Komprimer

Komprimerer det merkte biletet for å redusera datastorleiken og endra storleiken i dokumentet.

Biletkomprimering er eit slag datakomprimering brukt på digitale bilete for å redusera lagringsstorleiken og overføringstida. Komprimeringa kan ta omsyn til visuell persepsjon og statistiske eigenskapar for biletdataa for å ta vare på informasjonskvaliteten.

Biletkomprimering kan vera med tap eller tapsfri. Tapsfri komprimering gjer at det originale biletet vert perfekt rekonstruert frå dei komprimerte dataa. Komprimering med tap vert berre ein tilnærma rekonstruksjon av det opphavlege biletet, og har difor noko tap av kvalitet, men til vanleg med forbetra komprimering (og difor mindre filstorleikar).

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Format → Bilete → Komprimer.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Komprimer.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Komprimerbilet-fana.

Vel Komprimer i fana Bilete i menyen Bilete.

Frå verktøylinjer:

Ikon Komprimer

Komprimer


Dialogvindauge for komprimering av bilete

Komprimering

JPEG-kvalitet

Bruk glidebrytaren for å bestemma kvalitetsnivået på JPEG-komprimeringa, frå 0 til 100. 100 betyr uendra kvalitet, medan 0 vil gi eit svært dårleg bilete. Standardverdien 90 gjev eit svært godt resultat med merkbar endring av filstorleiken.

note

Komprimeringsverdien er ikkje standardisert i dei ulike programma som handsamar JPEG-bilete.


PNG-komprimering:

Sidan PNG-komprimeringa skjer utan tap, er hovudgrunnen for å bruka ein verdi mindre enn 9 at ein treng å gjera storleiken på dokumentet mindre ved lagring på ein sein datamaskin. Dekomprimeringa er uavhengig av komprimeringsverdien.

Oppløysing

Reduser biletoppløysinga

Merk av for å endra storleiken på det komprimerte biletet.

Breidd, høgd

Bruk talknappane for å setja breidd og høgd på det komprimerte biletet.

Oppløysing

Vel pikseltettleiken (dot per inch - DPI) til biletet i nedtrekkslista.

Interpolering

Vel algoritmen som skal brukast ved interpolering av pikslane.

Biletinformasjon

Rekn ut ny storleik

Trykk for å rekna ut storleiken på biletet ut frå innstillingane i dialogvindauget.

Støtt oss!