LibreOffice 26.2 Hjelp
Set inn bindestrekar i ord som ikkje får plass på slutten av ei linje.
Opnar fana Format → Celler → Justering.
Slår orddelinga av eller på.
Slår orddelinga av og på.
Set inn bindestrekar i ord som ikkje får plass på slutten av ei linje.
Viss du vil setja inn bindestrek i det gjeldande eller merkte avsnittet automatisk, vel Format → Avsnitt og trykk deretter på fana Tekstflyt. Du kan også leggja automatisk orddeling til ein avsnittsstil. I tekst der automatisk orddeling er slått på, vil dialogvindauget for orddeling ikkje finna ord å dela.
Når LibreOffice finn eit ord som bør delast, må du gjera eitt av følgjande:
For å godta delinga av det viste ordet, trykk på Del ord.
Om du vil endra orddelinga for det viste ordet, klikk på venstre- eller høgrepila under ordet og trykk på Del ord. Desse pilene er tilgjengelege berre for ord med fleire orddelingspunkt.
For å avvisa delinga av det viste ordet, klikk på Hopp over. Ordet vert ikkje delt.
For å bruka automatisk orddeling på resten av utvalet eller dokumentet, klikk på Orddel alt og svar «ja» på spørsmålet som kjem opp.
Du avsluttar orddelinga ved å trykkja på Lukk. Orddelingar som alt er gjort, vert ikkje endra. Du kan bruka Rediger → Angra for å gjere om alle orddelingar som vart gjort medan dialogvindauget for orddeling var ope.
Dersom du har avsnitt som ikkje skal ha automatisk orddeling, merkjer du avsnitta og vel Format → Avsnitt og fjernar merket for Automatisk under «Orddeling» i fana «Tekstflyt».
For å slå av forslaga til orddeling og bruka automatisk orddeling, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Skrivestøtte og kryssar av for Del ord utan å spørja under området «Val».
For å leggja inn ei mjuk orddeling, klikk på ordet som skal delast ved linjeskift og trykk så KommandoCtrl + minusteiknet (-).
For å leggja inn ein hard (verna) bindestrek, klikk på ordet som ikkje skal delast ved linjeskift og trykk så Shift + Kommando + Ctrl + minusteiknet (-).
Før å gøyma mjuke bindestrekar, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og fjern merket framføre Mjuke bindestrekar.
Viser forslag til orddeling for det valde ordet.
Bestem plasseringa av bindestreken. Dette valet er berre tilgjengeleg når det er meir enn eitt forslag til orddeling.
Ignorer orddelingsforslaget og finn neste ord som skal delast.
Set inn bindestrek på den indikerte staden i ordet.
Fjernar orddelinga frå det viste ordet.
Du kan slå på den automatiske orddelinga i LibreOffice Calc berre når funksjonen radskift er slått på.
Merk dei cellene der du ønskjer å endra orddelinga.
Vel Verktøy → Språk → Orddeling.
Dialogvindauget Formater celler vert opna med fana Justering aktiv.
Kryss av for Bryt teksten automatisk og for Orddeling på.
Slår alternativet for orddeling for tekstobjekt på eller av. Du kan slå orddelinga av eller på for kvart avsnitt.
Vel eit teikneobjekt.
Vel Verktøy → Språk → Orddeling.
Kvar gong du brukar kommandoen vert orddelinga for teikneobjektet slått av eller på. Gjeldande status vert vist med eit kontrollmerkje.
