Galleri

Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …


Du kan visa innhaldet i galleriet som ikon, eller ikon med titlar og informasjon om stien.

For å forstørra eller forminska eitt enkelt objekt i galleriet, må du dobbeltklikka på objektet eller merka objektet og trykkja på mellommomstasten.

Tema er lista opp på venstreside av galleriet.Trykk på eit tema for å visa kva for objekt som er knytt til det.

Du set eit galleriobjekt inn i dokumentet ved å merkja objektet og dra det inn i vindauget.

Sprettoppmenyen for tema

For å få tilgang til desse kommandoane, høgreklikk på eit tema i galleriet:

Oppdater

Oppdater visinga i vindauget eller i det valde objektet.

Slett

Slettar det merkte området. Har du merkt fleire objekt, vert alle sletta. I dei fleste tilfella spør programmet om stadfesting før objekta vert sletta.

Objektet er anten fysisk sletta frå datamediet eller objektvisinga er fjerna, avhengig av samanhengen.

Endra namn

Gjer det mogleg å endra namn på eit vald objekt. Etter å ha vald Endra namn vert namnet markert og du kan skriva inn eit nytt namn direkte. Bruk piltastane til å setja skrivemerket ved byrjinga eller slutten av namnet for å sletta eller leggja til delar av namnet.

Eigenskapar

Dialogvindauget Eigenskapar har desse fanene:

Generelt

Fana Generelt listar opp dei generelle eigenskapane til det gjeldande temaet.

Filer

Legg nye filer til i det valde temaet.

Sprettoppmenyen for objekt

For å få tilgang til desse kommandoane, høgreklikk på eit objekt i galleriet:

Set inn

Set det merkte objektet inn i det gjeldande dokumentet.

Førehandsvising

Det valde objektet vert vist i høgaste moglege storleik i galleriet. Dobbeltklikk på førehandsvisinga for å gå tilbake til den vanlege gallerivisinga.

Tittel

Endrar tittelen på det valde objektet. Når du har vald Tittel vert namnet merkt og du kan setja einn ein ny direkte. Bruk piltastane for å setja markøren i byrjinga eller slutten av namnet som skal slettast eller endrast.

Slett

Slettar det merkte området. Har du merkt fleire objekt, vert alle sletta. I dei fleste tilfella spør programmet om stadfesting før objekta vert sletta.

Objektet er anten fysisk sletta frå datamediet eller objektvisinga er fjerna, avhengig av samanhengen.

Dersom du vel Slett medan du er i galleriet, vert objektet sletta frå galleriet, men sjølve fila vert ikkje rørt.

Kopier

Kopierer det valde elementet til utklippstavla.

Lim inn

Limer elementet du flytta til utklippstavla inn i dokumentet. Denne kommandoen kan berre brukast dersom innhaldet på utklippstavla kan setjast inn der skrivemerket står.

Ikonvising

Viser innhaldet i galleriet som symbol.

Detaljert vising

Viser innhaldet i galleriet som små symbol med namn og sti.

Ny

Legg til eit nytt tema i galleriet. Du kan velja kva filer som skal takast med i temaet.

Støtt oss!