Formateringsteikn

Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Formateringsmerke.


Hardt mellomrom

Set inn eit mellomrom som gjer at tilgrensande teikn vert haldne saman på same linje ved linjeskift.

Hard bindestrek

Set inn ein bindestrek som vil halda teikn som står inntil kvarandre på same linje ved linjeskift.

Mjuk bindestrek

Set inn ein usynleg bindestrek i eit ord. Denne bindestreken vert synleg berre når han kjem på slutten av ei linje og lagar linjeskift.

Kort, hardt mellomrom

Set inn ein smalare versjon av hardt mellomrom. Unikode U+202F.

Mellomrom utan breidd

Set inn eit usynleg mellomrom som indikerer eit høve til ord- eller linjeskift i eit ord, sjølv om det ikkje vert vist noko mellomrom. Det innsette teiknet, som ikkje har breidde, er Unicode U+200B.

Ordbindar

Set inn eit usynleg teikn i eit ord. Dette teiknet indikerer at orden ikkje kan delast der teiknet er sett inn. Det innsettte teikne, som ikkje har breidde, er Unicode U+2060.

tip

For å sjå Unicode-verdien for eit teikn framføre markøren, bruk som ein vendebrytar.


Venstre-til-høgre-merke

Sett inn eit tekstretningsmerke som bestemmer retninga på teksten som følgjer etter merket. Dette er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.

Høgre-til-venstre-merke

Sett inn eit tekstretningsmerke som bestemmer retninga på teksten som følgjer etter merket. Dette er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.

Støtt oss!