LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel og legg til typografiske eigenskapar til teikn.
LibreOffice har støtte for formatet OpenType. Dei to viktigaste fordelane med OpenType-formatet er at det kan brukast på alle plattformer og har støtte for mange utvida teiknsett og utformingsfunksjonar som gjev rik støtte for ulike språk og kontroll med avanserte typografiske utformingar.
Eigenskapane som vert viste i dialogvindauget for skriftfunksjonar er avhengige av kva skrifttype som er vald.
Feltet for skriftfunksjonar inneheld dei tilgjengelege vala for skrifttypen.
Vindauget for visualisering av skrifttypar viser ein standardtekst slik at du kan sjå dei valde funksjonane.