LibreOffice 25.2 Hjelp
Trykk på Sjå etter oppdateringar i Utvidingar for å sjå etter oppdateringar til alle installerte utvidingar. Trykk med høgre museknapp på ei enkelt utviding for å opna sprettoppmenyen og vel Oppdater for å oppdatera berre den merkte utvidinga.
Når du klikkar på knappen
eller vel kommandoen , vert dialogvindauget for oppdatering av utvidingar opna og straks sjå etter om det er tilgjengelege oppdateringar.Når programmet ser etter oppdateringar, kjem det fram ein framdriftsvisar. Vent på meldingar i vindauget, eller trykk på «Avbryt» for å bryta av søket etter oppdateringar.
Dersom ingen oppdateringar er tilgjengelege, får du ei melding om at det ikkje er nokon oppdateringar. Lukk dialogvindauget.
Dersom det finst oppdateringar, kan oppdateringane installerast automatisk, eller du må bekrefte det:
Dialogvindauget for oppdatering av utvidingar kan innehalda utvidingar som ikkje kan veljast og difor heller ikkje kan oppdaterast automatisk.
Tilknytingane er ikkje fullførte. Oppdateringa treng at nokre fleire eller nyare filer vert installerte.
Utilstrekkelege brukarrettar (pakkehandteraren vart starta frå menyen, men delte utvidingar kan berre endrast når LibreOffice ikkje er starta, og berre av ein brukar med tilstrekkelege rettar). Sjå Utvidingar for fleire detaljar.
Det er nødvendig å oppdatere manuelt.
Når du trykkjer på knappen Installer, vil vindauget for nedlasting og installering kome opp.
Alle utvidingane som kan lastast ned direkte, er nå lasta ned. Framgangen vert vist i vindauget «Nedlasting og installering». Dersom ei utviding ikkje kan lastast ned, vert det vist ei melding om dette. Handlinga held fram for dei andre utvidingane.
Nokre utvidingar kan vera merkte med «nettlesar-basert oppdatering». Desse utvidingane kan ikkje lastast ned av pakkehandtsamaren. Oppdateringar må då lastast ned frå ei bestemt nettside ved å opna ho i ein nettlesar. Nettsida kan krevja fleire handlingar for å få lasta ned utvidinga. Etter å ha lasta ho ned, må du installera utvidinga manuelt, for eksempel ved å dobbeltklikka på ikonet til utvidinga i ein filhandsamar.
For utvidingar merkte med «nettlasarbasert oppdatering» opnar pakkehandsamaren den aktuelle nettsida i ein nettlesar. Det skjer når du lukkar dialogvindauget etter å ha lasta ned andre utvidingsoppdateringar. Dersom det ikkje er utvidingar som kan lastast ned direkte, vert nettlesaren opna straks.
Installasjonen byrjar når den siste utvidinga er lasta ned. Først vert alle eksisterande utvidingar som det er lasta ned oppdatering for fjerna. Deretter vert dei oppdaterte utvidingane installerte. Dersom det oppstår feil, vert det vist ei feilmelding, men installeringa held fram.
Dersom alle oppdateringane er ferdighandsama, viser dialogvindauget «Hent og installer» at dei er ferdige. Du kan avbryta prosessen ved å trykkja på Avbryt oppdatering.
I normaloppsettet vert berre dei utvidingane som kan lastast ned viste i dialogvindauget. Kryss av for Vis alle oppdateringar for også å sjå andre utvidingar og feilmeldingar.