Dialogvindauget for dokument- og avsnittklassifisering

Legg til klassifiseringspolicy til det gjeldande dokumentet eller avsnittet. Dialogvindauget hjelper deg med å setja saman klassifiseringspolicyvilkåra for dokumentet eller avsnittet ved hjelp av førehandsdefinerte klassifiseringsvilkår eller ved å skriva inn eigendefinerte klassifiseringsvilkår. Dialogvindauget viser fleire lister omed førehandsdefinerte element som vart lasta inn fråBAILS-xml TSCP policy file.

For å bruka denne funksjonen …

Slå på verktøylinja TSCP-klassifikasjon med Vis → Verktøylinjer → TSCP-klassifikasjon og trykk på knappane Handsam dokumentklassifisering eller Handsam avsnittsklassifisering.


Innhald

Tekstboksen Innhald viser klassifiseringsteksten som er laga i dialogvindauget og viser dei klassifiseringsvilkåra som finst for dokumentet eller avsnittet. Du kan leggja til dine eigne termar i tillegg til teksten som finst frå før i boksen og klassifiseringsvilkåra frå konfigurasjonsfil for klassifiseringspolicy.

Ikonet halvfeit (berre for dokumentklassifisering)

Bruke halvfeit teiknformatering på dokument- eller avsnittsklassifiseringstermane

Signer avsnittet (berre for avsnittsklassifisering)

Opnar dialogvindauget «Vel sertifikat» der du kan velja kva sertifikat som skal brukast for å signera avsnittet.

Tidlegare brukte

Viser tidlegare brukte klassifiseringsvilkår.

Klassifisering

Denne lista vier dei omsette elementa av «The Business Authorization Identification» og «Labeling Scheme (BAILS)». Standard i LibreOffice er:

Internasjonal

Lister ut dei elementa av «BAILS» som ikkje er omsette. Standard er:

note

Listene «klassifisering» og «internasjonal» er eigenleg dei same listene. Ei endring i éi av listene vert også endra den andre lista.


Markering

Viser ei liste over eksisterande markeringar som kan leggjast til i tekstboksen «Innhald». Dobbeltklikk på éi oppføring viss du vil leggja ho til i tekstboksen for innhald der markøren er plassert. Markeringane er definerte i konfigurasjonsfil for klassifiseringspolicy.

Lisens

Viser eksisterande lisensar for immaterielle rettar. Dobbeltklikk lisensen for å visa han i tekstboksen Tekstdel nedanfor. Klikk på knappen Legg til for å setja lisensteksten i Innhald-boksen. Lisensane er definerte i lenkja classification policy configuration file.

Delnummer

Viser eksisterande delnummer for immaterielle rettar. Dobbeltklikk på delnummeret for å visa det i tekstboksen Tekstdel nedanfor og trykk på knappen Legg til for å setja delnummeret inn i tekstboksen Innhald. Delnummera er definerte i classification policy configuration file.

Tekstdel

Bruk dette feltet for å skriva inn tekst som skal leggjast til i tekstfeltet Innhald.

Legg til

Trykk på denne for å leggja innhaldet i Tekstdel inn i feltet Innhald.

note

Innstillingane i dialogvindauget «Klassifisering» er ein del av dei eigendefinerte dokumenteigenskapane.


Støtt oss!