HTML-import og -eksport

Når du eksporterer ei fil til eit HTML-dokument, vert skildringa og dei sjølvvalde fileigenskapane tatt med som META-taggar mellom HEAD-taggane i det eksporterte dokumentet. META-taggar vert ikkje viste i ein nettlesar, men vert brukte for å ta med informasjon som for eksempel stikkord slik at ein søkjemotor kan henta informasjon om nettsida di. For å setja eigenskapane i det gjeldande dokumentet, vel Fil → Eigenskapar, gå til fana Skildring eller Sjølvvald, og skriv inn informasjonen du ønskjer.

Desse fileigenskapane vert gjort om til META-taggar når du eksporterer ei fil til eit HTML-dokument:

ODF-eigenskap

HTML-taggar

Tittel

<TITLE>

Emne

<META NAME="CLASSIFICATION" CONTENT="Field Content">

Nøkkelord

<META NAME="KEYWORDS" CONTENT="Field Content">

Skildring

<META NAME="DESCRIPTION" CONTENT="Field Content">

Tilpassa eigenskapar

<META NAME="Custom field name" CONTENT="Custom field content">


note

Når du importerer eit HTML-dokument som inneheld desse META-taggane, vert innhaldet i taggane lagt til i den tilsvarande LibreOffice-fileigenskapboksen.


tip

Nøkkelord må skiljast med komma. Eit nøkkelord kan innehalde blanke teikn og semikolon.


Tips ved import

Når du importerer eit HTML-dokument, vert følgjande META-taggar automatisk gjort om til LibreOffice-felt: <META HTTP-EQUIV="REFRESH"…> og <META NAME="..." …>, der «NAME» er «AUTHOR», «CREATED», «CHANGED», «CHANGEDBY», «DESCRIPTION», «KEYWORDS» eller «CLASSIFICATION».

Skript, merknadar og meta-taggar som er plasserte rett før ein tabell-tagg, vert sett inn i den første cella i tabellen.

Skript og meta-taggar i headingen av eit HTML-dokument vert importerte og forankra til det første avsnittet i dokumentet.

For å setja innstillingane for import av HTML-taggar, vel → Last inn/lagra → HTML-kompatibilitet. Ein kjend META-tagg inneheld anten "HTTP-EQUIV" eller "NAME" og vert importert som LibreOffice-kommentarar. Det einaste unntaket er <META NAME="GENERATOR"...>, som vert ignorert.

Eksporttips

Merknadar og skriptfelt ved byrjinga av det første avsnittet i eit dokument vert eksporterte til headinga i HTML-dokumentet. Dersom dokumentet byrjar med ein tabell, vert det første avsnittet i den første cella i tabellen eksportert til headinga i HTML-dokumentet.

Støtt oss!