LibreOffice 25.2 Hjelp
Juster kolonnebreidder for kolonnar med merkte celler i høve til avsnittslengda i kvar merkte celle. Utvid tabellen, opp til sidebreidde, om nødvendig.
Juster kolonnebreidda for dei merkte kolonnane for å passa til innhaldet i kolonnen utan å endra breidda på tabellen eller dei kolonnane som ikkje er merkte.
Vel Tabell → Storleik → Beste kolonnebreidd.
Vel Format → Kolonnar → Beste breidd.
Vel Format → Tabell → Beste kolonnebreidd.
Vel Storleik → Beste kolonnebreidd.
Merk kolonnen og vel Beste kolonnehøgd.
Dobbeltklikk på skiljelinja til høgre for kolonnebokstaven.
Vel Tabell → Beste storleik → Beste kolonnebreidde.
Vel Beste kolonnebreidd i fana Tabell i menyen Tabell.
Vel Utforming → Kolonnar→ Beste breidde.
Vel Heim → Kolonnar→ Beste breidde.
Beste kolonnebreidd
Vel Eigenskapar → Tabell → Beste kolonnebreidd.
Beste kolonnebreidde prøver å laga ei kolonnebreidde for dei merkte cellene slik at det lengste avsnittet i kvar celle som eit minimum kan passa nøyaktig på éi linje, sjølv om det er mogleg og vanleg at kolonnar er breiare enn ei nøyaktig tilpassing.
Den endelige fordelinga av kolonnebreidder avhenger av fleire faktorar, for eksempel lengda på avsnitta i merkte celler, den opphavlege breidda på kolonnane med merkte celler, og om tabellen kan utvidast. Mellomrom er også tekne med for vassrett celleutfylling, avsnittsutfylling og avsnittsinnrykk. Breidda på tabellen vert aldri redusert, og umerkte kolonnar vert ikkje endra.
Lista nedanfor viser korleis kolonnebreidder er fordelte for dei merkte cellene. Viss det første steget lukkast med å fordela kolonnebreidder for dei merkte cellene slik at alle avsnitt i cella er på éi linje, stoppar prosessen, ellers vert det andre steget prøvd viss mogleg. Det tredje steget forklarar korleis kolonnebreidder vert fordelte når det ikkje er mogleg å tilpassa alle dei merkte cellene etter det andre steget.
Fordeler kolonnebreidder proporsjonalt i høve til det lengste avsnittet i kvar celle, men vert verande innføre den totale kolonnebreidda for cellevala.
Viss nokre celler ikkje passar nøyaktig i den totale breidda på det merkte området, og tabellen kan utvidast (opp til sidebreidda), utvidar du tabellbreidda til alle cellene passar nøyaktig.
Viss tabellbreidda går ut til sidemargen og meir enn éi merkt celle ikkje passar nøyaktig, så gjev den første cella så mykje breidde som råd er til den første cella som ikkje passar nøyaktig, og ei lik (smalare) kolonnebreidde til dei andre cellene som ikkje passar.
Steg 1 er ofte nok for tabellar med celler som primært er korte avsnitt, medan steg 3 til vanleg er nødvendig viss mange kolonnar eller rader er merkte og/eller dei merkte cellene har lengre avsnitt.
Legg til ekstra mellomrom mellom den lengste oppføringa i ein kolonne og dei loddrette kantlinjene rundt han.
Avgjer den best moglege kolonnebreidda slik at heile innhaldet i kolonnen vert vist. Det vert lagt ekstra mellomrom til den best moglege kolonnebreidda. Ho er førehandsinnstilt til 2 mm.
Beste kolonnebreidde prøver å laga ei kolonnebreidde for dei merkte cellene slik at det lengste avsnittet i kvar celle som eit minimum kan passa nøyaktig på éi linje, sjølv om det er mogleg og vanleg at kolonnar er breiare enn ei nøyaktig tilpassing.
Den endelige fordelinga av kolonnebreidder avhenger av fleire faktorar, for eksempel lengda på avsnitta i merkte celler, den opphavlege breidda på kolonnane med merkte celler, og om tabellen kan utvidast. Mellomrom er også tekne med for vassrett celleutfylling, avsnittsutfylling og avsnittsinnrykk. Breidda på tabellen vert aldri redusert, og umerkte kolonnar vert ikkje endra.
Dette valet fordeler kolonnebreidder proporsjonalt i høve til det lengste avsnittet i kvar kolonne, men utan å endra den totale kolonnebreidda for dei merkte kolonnane. Når dei merkte kolonnane ikkje kan tilpassast nøyaktig, får den første kolonnen som ikkje kan tilpassast nøyaktig så mykje breidde som mogleg, medan eventuelle ekstra kolonnar som ikkje kan tilpassast nøyaktig får ei mindre kolonnebreidde, som er den same for kvar av desse ekstra kolonnane.