LibreOffice 25.2 Hjelp
Gjer om den valde koreanske teksten frå Hangul til Hanja eller omvend. Menykommandoen kan berre brukast dersom støtte for asiatiske språk er slått på under → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt og ein tekst formatert på koreansk er vald.
Viser gjeldande utval.
Viser det første framlegget til utbyting frå ordlista. Du kan endra ordet eller skriva inn eit anna ord. Trykk Finn-knappen for å byta ut det opphavlege ordet med det nye framlegget.
Finn Hangul-ordet i ordlista og byt det ut med det tilsvarande Hanja-ordet. Trykk Ignorer for å avslutta leitinga.
Viser alle tilgjengelege utskiftingar i ordlista. Viss Byt ut med-boksen er slått på, får du sjå eit rutenett med teikn. Dersom Byt ut med teikn-boksen ikkje er merkt av, får du sjå ei liste over ord.
Klikk på formatet for å sjå erstatningane.
Dei opphavlege teikna vert bytt ut med dei føreslåtte teikna.
Hangul-delen vert vist i parentesar etter Hanja-delen.
Hanjal-delen vert vist i parentesar etter Hangul-delen.
Hanja-delen vert vist som rubytekst over Hangul-delen.
Hanja-delen vert vist som rubytekst under Hangul-delen.
Hangul-delen vert vist som rubytekst over Hanja-delen.
Hangul-delen vert vist som rubytekst under Hanja-delen.
I ein merkt tekst med både Hangul- og Hanjateikn, vert alle Hangulteikn normalt gjort om til Hanja og alle Hanjateikn til Hangul. Viss du berre vil gjera om ein slik tekst ein veg, kan du bruka følgjande omgjeringsinnstillingar.
Merk for å omforma berre Hangul. Hanja vert ikkje omforma.
Merk for å omforma berre Hanja. Hangul vert ikkje omforma.
Det vert ikkje gjort endringar i gjeldande utval. Neste ord eller teikn vert merkt for omgjering.
Det vert ikkje gjort endringar på gjeldande utval, og kvar gong same utval vert oppdaga vert det automatisk hoppa over. Neste ord eller teikn vert valt for omgjering. Lista over ignorert tekst er gyldig for denne LibreOffice-økta.
Byter ut utvalet med framlegget til ord eller teikn i samsvar med formateringsinnstillingane. Neste ord eller teikn vert merkt for omgjering.
Byter ut utvalet med framlegget til teikn eller ord i samsvar med formateringsinnstillingane. Kvar gong det same utvalet vert oppdaga, vert det automatisk bytt ut. Neste ord eller teikn vert valt for omgjering. Lista over utbytingstekst er gyldig for denne LibreOffice-økta.
Merk av for å flytta teikn for teikn gjennom den merkte teksten. Er denne ikkje merkt av, vert heile ord byt ut.
Opnar dialogvindauget Hangul/Hanja-innstillingar.