Test XML-filter

Testar XSLT-stilsetta som vert brukte av det valde XML-filteret.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Makroar → Innstillingar for XML-filter.


Eksporter

XSLT for eksport

Viser filnamnet på XSLT-filteret som du skreiv inn på fana Omdanning.

Omdanna dokument

Viser filnamnet på dokumentet du vil bruka for å testa XSLT-filteret.

Bla gjennom

Finn fila du vi bruka XML eksportfilteret på. XML-koden til den omforma fila vert opna i standard XML-redigeraren etter omforminga.

Gjeldande dokument

Den fremste opne fila som samsvarer med XML-filter-kriteria vert brukt til å testa filteret. Gjeldande XML-eksportfilter omdannar fila og XML-koden som vert resultatet vert vist i vindauget Utdata frå XML-filter.

Importer

XSLT for import

Viser filnamnet på XSLT-filteret som du skreiv inn på fana Omdanning.

Mal for import

Viser filnamnet på malen som du skreiv inn på fana Omdanning.

Gjer om fil

Vis kjelde

Opnar XML-kjelda for det valde dokumentet i standard XML-redigeringsverktøyet ditt etter importen.

Bla gjennom

Opnar dialogvindauget for filval. Den valde fila vert opna med gjeldande XML-importfilter.

Nyleg brukt fil

Opnar opp att dokumentet som sist vart opna med dette dialogvindauget.

Støtt oss!