Generelt

Skriv inn eller endra generell informasjon for eit XML-filter.

For å bruka denne funksjonen …

Verktøy → Makroar → Innstillingar for XML-filter og klikk på Ny eller Rediger.


Filnamn

Skriv inn namnet som skal visast i listeboksen i dialogvindauget XML-filterinnstillingar. Du må skriva inn eit unikt namn.

Program:

Vel programmet du vil bruka med filteret.

Namn på filtype

Skriv inn namnet du vil visa i boksen Filtype i dialogvindauge. Du må velja eit unikt namn. For importfilter kjem namnet fram i boksen Filtype i dialogvindauge Opna. For eksportfilter kjem namnet fram i boksen Filformat i dialogvindauge Eksporter.

Filetternamn

Skriv inn filetternamnet du vil bruka når du opnar ei fil utan å oppgje eit filter. LibreOffice bruker filetternamnet for å avgjera kva filter som skal brukast.

Kommentarar

Skriv inn ein merknad (valfritt).

Støtt oss!