Innstillingar for XML-filtera

Opnar dialogvindaget for XML-filterinnstillingar der du kan laga, redigere, sletta og prøva ut filter for å importera og eksportera XML-fileter.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Innstillingar for XML-filter i fana Verktøy i menyen Verktøy.


Uttrykket XML-filter vert heretter brukt som forkorting for den meir nøyaktige beskrivinga XSLT-basert filter.

Term

Skildring

XML

Extensible Markup Language

XSL

Extensible Stylesheet Language

XSLT

Extensible Stylesheet Language Transformation. XSLT-filer vert også kalla XSLT-stilsett.


note

XHTML-eksportfilteret lagar gyldige «XHTML 1.0 Strict»-utdata for Writer-, Calc-, Draw- og Impress-dokument.


Filterliste

Vel eitt eller fleire filter og trykk deretter på ein av knappane.

Listene viser namnet og typen til dei installerte filtera.

  1. Klikk på eit filter for å velja det.

  2. Hald nede Shift eller og trykk for å velja fleire filter.

  3. Dobbeltklikk på eit namn for å redigera filteret.

Ny

Opnar eit dialogvindauge med namnet på det nye filteret.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge med namnet på den valde fila.

Test XSLT-ar

Opnar eit dialogvindauge med namnet på den valde fila.

Slett

Slettar den valde fikla etter at du har bekrefta neste dialogvindauge.

Lagra som pakke

Viser dialogvindauget Lagra som der du kan lagra den markerte fila som ei XSLT filterpakke (*.jar).

Opna pakke

Viser dialogvindauget Opna der du kan opna eit filter frå ei XSLT filterpakke (*.jar).

Hjelp

Viser hjelpesida for dette dialogvindauget.

Lukk

Lukker dialogvindauget.

Støtt oss!