Endra ikon

Ikon

Viser dei tilgjengelege ikona i LibreOffice. For å byta ut ikonet som du valde i dialogvindauget Tilpass, kan du trykkja på eit ikon og deretter på OK.

Importer

Legg til nye ikon i ikonlista. Du får opp ein filopningsdialog som importerer dei valde ikona til den interne ikonmappa til LibreOffice.

Merknadsikon

Du kan berre importera ikon som er i PNG-format med storleiken 16×16 eller 24×24 pikslar.


Fjern det valde ikonet frå lista. Berre sjølvvalde ikon kan fjernast

Støtt oss!