Verktøylinjer

Let deg tilpassa verktøylinjene i LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Tilpass → Verktøylinjer.


Søk

Skriv inn ein teiknstreng i innskrivingsfeltet for å avgrensa søk etter kommandoar.

Kategori

Vel kommandokategori i nedtrekkslista for å avgrensa kommandosøket, eller rull ned lista nedanfor. Makroar og stilar er nedst i lista.

Funksjon

Viser resultatet av kombinasjonen av søkjestrengen og kategorien for den ønskte funksjonen.

Beskriving

Tekstboksen viser ein kort omtale av den valde kommandoen.

Virkefelt

Vel kvar verktøylinja skal plasserast. Derso ho vert kopla til ein LibreOffice-modul, vert verktøylinja tilgjengeleg for alle filene som vert opna i den modulen. Vert ho kopla til ei fil, vert verktøylinja opna berre når den fila er opna og aktivert.

Mål

Vel verktøylinja som skal tilpassast. Dei gjeldande funksjonane vert viste nedanfor.

Legg til

Klikk på hamburgarikonet og vel så «Legg til» for å leggja til ei ny verktøylinje.

Slett

Klikk på hamburgarikonet og vel så «Slett» for å sletta verktøylinja.

note

Du kan berre sletta sjølvvalde verktøylinjer og sjølvvalde oppføringar i verktøylinjene.


Knappen Pil høgre

Trykk på høgrepila for å kopiera den merkte funksjonen i det venstre vindauget over til den valde verktøylinja i det høgre vindauget.

Knappen Pil venstre

Klikk på venstrepila for å sletta den merkte kommandoen frå den gjeldande verktøylinja.

Knappane Pil opp og Pil ned

Trykk på oppover- og nedoverpilene heilt til høgre for å flytta den merkte kommandoen oppover eller nedover i lista over kommandoar i verktøylinja.

tip

Du kan dra og sleppa den valde kommandoen og leggja han der du ømskjer.


Set inn

Set inn skiljeteikn: Legg til eit skiljeteikn for å gjera verktøylinja lettare å lesa og for å gruppera elementa etter emne.

Endra

Standard

Slettar alle endringar gjort tidlegare i verktøylinja.

Støtt oss!