LibreOffice 25.2 Hjelp
Gir deg høve til å tilpassa LibreOffice-menyar for alle modular.
Du kan leggja til merknadar, endra andre merknadar eller endra rekkjefølgja på elementa i sprettoppmenyen. Du kan også leggja til kommandoar som vert utførte av makroar og bruka alle stiltypane direkte frå sprettoppmenyen.
Skriv inn ein teiknstreng i innskrivingsfeltet for å avgrensa søk etter kommandoar.
Vel menykategori i nedtrekkslista for å avgrensa kommandosøket eller rull ned lista nadanfor. Makroar og stilar er nedst i lista.
Tekstboksen viser ein kort omtale av den valde kommandoen.
Vel kvar sprettoppmenyen skal plasserast. Derso han vert kopla til ein LibreOffice-modul, vert menyen tilgjengeleg for alle filene som vert opna i den modulen. Vert han kopla til ei fil, vert menyen opna berre når den fila er opna og aktivert.
Vel den sprettoppmenyen som skal tilpassast.
Klikk på venstrepila for å sletta den merkte kommandoen frå den gjeldande sprettoppmenyen.
Trykk på oppover- og nedoverpilene heilt til høgre for å flytta den merkte kommandoen oppover eller nedover i lista over kommandoar i sprettoppmenyen.
Du kan dra og sleppa den valde kommandoen og leggja han der du ømskjer.
Set inn skiljeteikn: Legg til eit skiljeteikn for å gjera menyen lettare å lesa og for å gruppera elementa etter emne.
Set inn undermeny: Set inn ei undermenyoppføring. Skriv inn namnet på menyen i dialogvindauget som kjem opp. Den nye undermenyen vert automatisk tilgjengeleg i menylista slik at du kan redigera han.
Gje nytt namn: Gje oppføringa eit nytt namn.
Slettar alle endringar gjort tidlegare i sprettoppmenyen.