Tastatur

Tildeler eller redigerer snartastar for LibreOffice-kommandoar eller LibreOffice Basic-makroar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Tilpass → Tastatur. Eit dokument må vera opna.


Du kan tildela eller redigera snøggtastar for det gjeldande programmet eller for alle LibreOffice-programma. Bruk radioknappen LibreOffice oppe til høgre for å tildela ein tast for alle programma.

For å ta i bruk eller endra ein snøggtast, merk kommandoen i lista Funksjon, vel tastekombinasjonen som skal brukast i lista over snarvegstastar og trykk så på Endra.

Dersom det er ein snarveg frå før for den valde funksjonen, vert dette vist i lista Tastar. Det er råd å leggja den same funksjonen til fleire tastar.

Ein snøggtast som er tildelt eit bestemt program, overstyrer innstillingar for snøggtastar sett i LibreOffice for alle program.

note

Ikkje bruk snartastar som er brukte av operativsystemet.


Snartastar

Lister opp snarvegstastane og dei tilhøyrande kommandoane

Funksjonar

Lister opp funksjonskategoriane og LibreOffice-funksjonane som kan bruka snartastar.

Kategori

Lister opp dei tilgjengelege funksjonskategoriane. Du kan leggja snartastar til stilar ved å opna kategorien «Stilar».

Funksjon

Lister opp dei funksjonane som kan leggjast til snarvegstastar.

Tastar

Viser snartastane som tilhøyrer funksjonen du har valt.

LibreOffice

Viser snartastar som er vanlege i alle LibreOffice-program.

Viser snartastar for dette LibreOffice-programmet.

Endra

Knyter taste-kombinasjonen du har valt i lista over snartastar til kommandoen du har valt i funksjons-lista.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.

Last inn

Byter ut oppsettet av snartastar med eit som er lagra tidlegare.

Lagra

Lagrar oppsettet av snartastar slik at dei kan hentast inn seinare.

Tilbakestill

Tilbakestiller dei endra verdiane til standardverdiane.

Støtt oss!