Menyar

Gir deg høve til å tilpassa LibreOffice-menyar for alle modular.

Du kan leggja til merknadar, endra eksisterande merknadar eller endra rekkjefølgja på menyelementa. Du kan også leggja til kommandoar som vert utførte av makroar og bruka alle stiltypane direkte frå menyen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Tilpass → Menyar.


Søk

Skriv inn ein teiknstreng i innskrivingsfeltet for å avgrensa søk etter kommandoar.

Kategori

Vel menykategori i nedtrekkslista for å avgrensa kommandosøket eller rull ned lista nadanfor. Makroar og stilar er nedst i lista.

Tilgjengelege kommandoar

Viser resultatet av kombinasjonen av søkestrengen og kategorien for den ønskte funksjonen.

Skildring

Tekstboksen viser ein kort omtale av den valde kommandoen.

Virkefelt

Vel kvar menyen skal plasserast. Dersom han vert kopla til ein LibreOffice-modul, vert menyen tilgjengeleg for alle filene som vert opna i den modulen. Vert han kopla til ei fil, vert menyen opna berre når den fila er opna og aktivert.

Mål

Vel menyen som skal tilpassast.

Legg til

Klikk på hamburgarikonet og vel så «Legg til» for å leggja til ein ny meny.

Ikon Hamburgar

Hamburgarikon

Fjern

Klikk på hamburgarikonet og vel så «Slett» for å sletta verktøylinja.

note

Du kan berre sletta sjølvvalde menyar og sjølvvalde menyelement.


Tilordna kommandoar

Viser dei kommandoane som vert viste i målmenyen.

Knappen Pil høgre

Trykk på høgrepila for å kopiera den merkte funksjonen i det venstre vindauget over til den valde verktøylinja i det høgre vindauget. Dette vil leggja kommandoen inn i den valde menyen.

Knappen Pil venstre

Klikk på venstrepila for å sletta den merkte kommandoen frå den gjeldande menyen.

Knappane Pil opp og Pil ned

Trykk på oppover- og nedoverpilene heilt til høgre for å flytta den merkte kommandoen oppover eller nedover i lista over kommandoar i menyen.

tip

Du kan dra og sleppa den valde kommandoen og leggja han der du ømskjer.


Tilpassa

Set inn

Endra

Standard

Slettar alle tidlegare endringar gjort i menyen.

Støtt oss!