LibreOffice Basic-makroar

Opnar eit dialogvindauge der du kan organisera makroar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic eller trykk + F11 (dersom det ikkje er sett opp på systemet du brukar)


Makronamn

Viser namnet på den nye makroen. Skriv inn eit namn her for å oppretta eller endra namnet på makroen.

Makro frå / Lagra makro i

Listar opp bibliotek og modular du kan bruka til å opna eller lagra makroar. For å lagra ein makro med eit bestemt dokument, opnar du først dokumentet og deretter denne menyen.

Køyr / Lagra

Køyrer eller lagrar den gjeldande makroen.

Tildel

Opnar det tilpassa dialogvindauget der du kan leggja den valde makroen inn i ein menykommando, ei verktøylinje eller ei hending.

Rediger

Startar LibreOffice Basic-redigeraren og opnar den valde makroen eller dialogvindauget for redigering.

Ny/slett

Opprettar ein ny makro eller ein ny modul, eller slettar den valde makroen eller modulen.

For å laga ein ny makro, vel modulen «Standard» i lista Makro frå og vel så Ny.

Du lagar ein ny modul i biblioteket for Mine makroar ved å velja det ønskte biblioteket og trykkja Ny. Redigeringsvindauget for LibreOffice Basic vert opna.

Du slettar ein makro eller ein modul ved å merkja han og trykkja Slett.

Nytt bibliotek

Lagrar den opptekne makroen i eit nytt bibliotek.

Ny modul

Lagrar den opptekne makroen i ein ny modul.

Organiser

Opnar menyen for Organisering av makroar der du kan leggja til, redigera eller sletta makro-modular, dialogvindauge og bibliotek.

Støtt oss!