Tilpass

Set formateringsinnstillingane for sorterte og usorterte lister. Du kan også bruka individuell formatering for ulike nivå i listehierarkiet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Punkt og nummerering.


Vel nivået eller nivåa du vil endra og vel så formateringa du vil bruka.

Nivå

Vel kva nivå du vil setja opp formatering for. Det valde nivået vert utheva i førehandsvisinga.

Nummerering

Nummer

Vel eit nummereringsskjema du vil bruka på dei valde nivåa.

Utval

Skildring

1, 2, 3, …

Arabiske tal

A, B, C, …

Alfabetisk nummerering med store bokstavar A–Z
Etter element 26, held nummeringa fram som AA, AB, AC, …

a, b, c, …

Alfabetisk nummerering med små bokstavar a–z
Etter element 26, held nummeringa fram som aa, ab, ac, …

I, II, III, …

Romartal (store bokstavar)

i, ii, iii, …

Romartal (små bokstavar)

1., 2., 3., …

Ordinaltal

Ein, To, Tre, …

Kardinaltal

A, …, AA, …, AAA, …

Alfabetisk nummerering med store bokstavar A–Z
Etter element 26, held nummeringa fram som AA, AB, AC, …

a,…, aa,…, aaa,…

Alfabetisk nummerering med små bokstavar a–z
Etter element 26, held nummeringa fram som aa, ab, ac, …

Punktteikn

Legg til eit punktteikn i byrjinga av ei linje. Vel dette alternativet, bruk nedtrekksmenyen Teiknstil for å velja stil for punktteikna og trykk deretter Vel-knappen for å opna dialogvindauget for spesialteikn for å velja punktteiknet.

Grafikk

Viser eit bilete som punktteikn. Marker denne innstillinga og klikk på Vel for å kunna bla deg fram til den ønskte biletfila. Biletet vert bygd inn i dokumentet.

Lenkja bilete

Visar eit bilete som punktteikn. Vel denne innstillinga og klikk på Vel for å finna fram til biletet som skal brukast. Biletet vert sett inn som ei lenkje til biletfila.

Ingen

Ikkje bruk nummereringsskjema.


Tilgjenget til dei følgjande felta er avhengig av kva nummereringsskjema som er vald i feltet Nummerering.

Start på

Skriv inn eit nytt tal som gjeldande nivå skal starta nummereringa på.

Før

Skriv inn eit teikn eller ein tekst som skal stå framom nummera i lista.

Etter

Skriv inn eit teikn eller ein tekst som skal visast etter nummeret i lista. Viss du vil laga ei sortert liste som brukar stilen «1.)», skriv du inn «.)» i denne boksen.

Alternativ for bilete:

Grafikk

Vel eit bilete eller fin stien til biletet du vil bruka som punktteikn.

Breidd

Skriv inn kor breitt biletet skal vera.

Høgd

Skriv inn kor høgt biletet skal vera.

Same storleiksforholdet

Held på storleiksforholda til biletet.

Justering

Vel korleis biletet skal plasserast.

Støtt oss!